Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet er eit offentleg tilsynsorgan. Ut frå omsynet til forbrukarane skal tilsynet passe på at marknadsføring og standard kontraktsvilkår er i samsvar med marknadsføringslova.
Oppgåvene til Forbrukartilsynet
Forbrukartilsynet har ansvaret for all behandling av forbrukarklager, også for meklinga i tvistar mellom forbrukarar og næringsdrivande.
Det er marknadsføringslova som er den viktigaste lova Forbrukartilsynet handhevar. I tillegg handhevar dei ei rekke andre lover og reglar, mellom anna
- angrerettlova
- forbodet i kringkastingslova mot TV-reklame retta mot barn
- pakkereiselova
- reglar for merking av tekstilar
Forbrukartilsynet kontrollerer at reklamar ikkje er i strid med marknadsføringslova eller med reglane for radio- og TV-reklame. Forbrukartilsynet kan
- gripe inn mot villeiande og urimelege marknadsføringsmetodar
- forby ulovleg reklame
- sjå til at standardkontraktar i forbrukarforhold ikkje er urimelege, men klare og balanserte
Digitaliseringa gir nye utfordringar
Tida me lever i, har i stor grad endra kvardagen til Forbrukartilsynet. Auka digitalisering byr på utfordringar med meir personretta marknadsføring og større marknadsføringspress. I tillegg har digitaliseringa opna for nye kanalar for kommersiell påverknad. Ein forskingsrapport frå 2018 fann blant anna at den algoritmebaserte marknadsføringa i sosiale medium opptrer kjønnsdiskriminerande, og at norske barn følte seg overvakte av plattformene. I filmen under (5:40) fortel forskarane bak studien meir om kva dei fann ut.
Utviklinga har ført til at ei av dei overordna oppgåvene til tilsynet i dag er å sikre at den digitale forbrukarkvardagen blir trygg.
Forbrukartilsynet skal, ifølge tildelingsbrevet frå Barne- og familiedepartementet (2021), prioritere å føre tilsyn med
- marknadsføring og avtalevilkår i digitale kanalar, produkt og tenester, slik som sosiale medium og bloggar
- marknadsføring retta mot barn og unge som kan bidra til kroppspress
- marknadsføring av finansielle tenester med særleg vekt på marknadsføring av forbrukslån
- bruk av berekraftspåstandar i marknadsføringa
Tips og klager frå forbrukarar
Forbrukarar kan enkelt sende tips til Forbrukartilsynet via nettsidene deira dersom dei finn feil eller manglar ved produkt, eller dersom dei meiner å ha sett urimeleg marknadsføring og urimelege avtalevilkår.
På nettsidene til Forbrukartilsynet finst det òg eit standardisert klagebrev som forbrukarar kan bruke om dei vil klage på uadressert reklame, spam eller telefonsal.
Marknadsrådet er eit statleg forvaltningsorgan som behandlar klager på avgjerder eller vedtak gjorde av Forbrukartilsynet. Dersom du har sendt klage på ei sak til Forbrukartilsynet, og dei vedtek at denne saka ikkje skal prioriterast, kan du klage saka di inn for Marknadsrådet.
Klagesakene Marknadsrådet behandlar, gjeld brot på marknadsføringslova, alkohollova og tobakksskadelova.
Vedtaka Marknadsrådet gjer, er endelege. Det vil seie at det ikkje er mogleg å klage på dei.
Relatert innhald
Angrerettlova seier er at forbrukaren kan oppheve kjøpet innan 14 dagar etter at han gjorde avtalen. Kva er dei viktigaste momenta i angrerettlova?