Hopp til innhald

Fagstoff

Marknadsføringslova

Alle verksemder som marknadsfører produkt til forbrukarar, må følge marknadsføringslova. Reglane i marknadsføringslova har som hensikt å verne interessene til forbrukarane og sikre god forretningsskikk.
Illustrasjon med tre personar. Til venstre står det ein person og tek ein selfie. I midten av illustrasjonen sit det ein fotograf. Han tek bilete av ein person som poserer berre iført undertøy. Øvst i illustrasjonen er det ein sirkel med omrisset av eit ansikt inni. Rundt ansiktet står det "Retusjert person, reklame".

God marknadsføringsskikk

Marknadsføringslova seier at all marknadsføring må følge god marknadsføringsskikk, jf. § 2. Det vil seie at ho skal vere i tråd med folk si oppfatning av etikk og moral, og at støytande verkemiddel ikkje skal brukast.

Vidare skal marknadsføring ikkje vere kjønnsdiskriminerande, og det er eit krav om at retusjerte bilete blir merka. Les meir i "Forbrukertilsynets veiledning om merking av retusjert reklame" på Forbrukertilsynet.

Marknadsføringslova omhandlar òg handelspraksis overfor forbrukarar og slår fast at urimeleg handelspraksis er forboden. Til dømes er det forbode å marknadsføre og selje eit produkt som svanemerkt viss ein ikkje faktisk har kvalifisert seg til dette merket. Les "Forskrift om urimelig handelspraksis" på Lovdata der du finn ei opplisting av handelspraksis som alltid blir rekna som urimeleg.

Det er heller ikkje tillate med aggressiv marknadsføring. Det er mellom anna ikkje tillate å bruke truande språk eller utnytte forbrukarar i sårbare situasjonar.

Døme på aggressiv og villeiande marknadsføring

I 2020 blei Emptiodirect AS gitt eit gebyr på 400 000 kroner for aggressiv og villeiande marknadsføring av eit kosttilskot. Marknadsføringa blei rekna som aggressiv fordi ho utnytta folk si frykt for å bli smitta av koronaviruset, og villeiande fordi reklamen gir inntrykk av at kosttilskotet vil halde ein frisk frå koronaviruset.

Les heile vedtaket "FOV-2020-663: Emptiodirect AS" på Forbrukertilsynet.

Dokumentasjon av marknadsføringspåstandar

Alle påstandar i marknadsføringa må kunne dokumenterast. Skal du til dømes selje eit kosttilskot som du påstår gir auka overskot, må du kunne dokumentere at kosttilskotet faktisk gir auka overskot. Slik dokumentasjon kan vere publiserte forskingsstudiar. Dokumentasjon som bekreftar marknadsføringspåstandar, skal vere klare før dei blir brukte og skal kunne leggast fram ved førespurnad.

Alle berekraftspåstandar skal òg kunne dokumenterast. Brot på dette blir kalla grønvasking. For å kunne kalle eit produkt miljøvennleg eller grønt, skal det kunne dokumenterast at produktet i heile livssyklusen belastar miljøet mindre enn andre produkt i same produktkategori.

Les meir i "Forbrukertilsynets veiledning om bruk av bærekraftspåstander i markedsføring" på Forbrukertilsynet.

Villeiande marknadsføring

Villeiande marknadsføring er eit brot på god marknadsføringsskikk og vil dermed ikkje vere lov i samsvar med marknadsføringslova. Døme på villeiande marknadsføring er når

  • det blir oppgitt feilaktige opplysningar om eigenskapane av produktet

  • det ikkje blir opplyst om sponsing

  • prisinformasjonen er utydeleg

  • behov for service, delar, utskifting eller reparasjonar ikkje er angitt

  • rettane til forbrukarane ikkje er tilstrekkeleg opplyste

  • det er skjult reklame

Merking av reklame i sosiale medium

Verksemder som nyttar seg av influensarar i marknadsføringa si, og influensaren sjølv, må sjå til at innhaldet deira blir merkt som reklame. Om det ikkje blir gjort, er det å rekne som skjult reklame, noko som er villeiande og forbode.

Ung kvinne held opp ei flaske med ein logo på. Ho har òg ein logo på brystlomma på t-skjorta. I håret har ho ein spesiell type hårspenne. Det er ringa rundt desse med ein raud ring for å illustrere kva som er sponsa produkt. Til venstre i biletet står det skrive: REKLAME, @annonsør1, @annonsør2 og @annonsør 3. Illustrasjon.

Døme på brot på reglane om merking av reklame

I 2020 gav Forbrukartilsynet Sophie Elise AS eit gebyr på 200 000 kroner for brot på marknadsføringslova, etter at ho hadde reklamert for ein bokklubb på ein Instragram-konto som stod fram som ein personleg konto. Det kom ikkje tydeleg fram at dette var reklame, og blei dermed rekna som brot på forbodet mot urimeleg handelspraksis. Les meir om Forbrukartilsynet sitt vedtak "FOV-2020-1406A: Sophie Elise AS" på Forbrukertilsynet.

Prisinformasjon

I marknadsføring skal prisar oppgivast på ein synleg og informativ måte. Til dømes er matvarebutikkar pliktige til å oppgi kilopris i tillegg til stykkpris. På nedsette varer skal det opplysast om førpris. Førprisen er den lågaste prisen som verksemda har brukt i minimum 30 dagar før prisnedslaget. Det er altså ulovleg å setje prisen opp i to veker før for så å reklamere med at prisen er sett ned etterpå. Meir informasjon om krava til prisopplysningar finn du i "Forskrift om prisopplysninger mv. for varer og tjenester" på Lovdata.

Fleire tekstplakatar der det står høvesvis: SAL, Få 200,- i avslag på alle bukser, Denne helga får medlemmene av kundeklubben 20 % på alle jakker, Black Friday-prisar, Få 20 % rabatt på ei valfri vare ved bruk av koden XYZ. Illustrasjon

Døme på brot på reglane for marknadsføring av prisnedslag

Blivakker.no fekk i 2022 4 millionar kroner i gebyr for å ha brote reglane for marknadsføring av prisnedslag. Sjå "Vedtak om overtredelsesgebyr og forbudsvedtak med tvangsmulkt – villedende markedsføring" på Forbrukertilsynet.

Direkte marknadsføring

Når ei verksemd marknadsfører seg direkte til ein spesifikk forbrukar ved bruk av telefon, adressert reklame, e-post, tekstmeldingar og dørsal, kallar vi det direkte marknadsføring.

Forbrukarar kan reservere seg mot slik marknadsføring i reservasjonsregisteret "Reservasjon mot telefonsalg og adressert reklame" på Brønnøysundregistrene, noko som gjer det ulovleg for verksemda å ta direkte kontakt. For marknadsføring på e-post og tekstmeldingar er reglane endå strengare, sidan det krev eit aktivt samtykke frå forbrukar. Unntaket er om forbrukaren har eit kundeforhold til verksemda.

Elles er det alltid forbode med telefonmarknadsføring og dørsal etter kl. 21 og fram til kl. 09 og dessutan i helgar. Det er heller ikkje lov å drive telefonmarknadsføring frå skjult nummer eller andre nummer som ikkje er registrerte og søkbare.

Døme på ulovleg utsending av tekstmeldingar

I 2021 gav Forbrukartilsynet Happy Price Everyday AS eit gebyr på 100 000 kroner for å ha sendt ut tekstmeldingar utan samtykke. Les heile vedtaket "FOV-2020-889A: Happy Price Everyday AS" på Forbrukertilsynet.

Vern av barn

I samsvar med marknadsføringslova har verksemder plikt til å vise særleg varsemd når marknadsføring blir retta mot barn eller kan sjåast eller høyrast av barn. Det er forbode i reklame å oppmode barn eller overtale foreldre eller andre vaksne til å kjøpe produkt.

God marknadsføringsskikk overfor barn inneber mellom anna at marknadsføring ikkje skal spele på dårleg sjølvtillit eller bidra til kroppspress. Det skal heller ikkje brukast verkemiddel som kan skape frykt eller angst. Les meir i "Forbrukertilsynets veiledning om markedsføring overfor barn og unge" på Forbrukertilsynet.

Meiner Fast Candy marknadsfører mot barn: – Massivt reklametrykk

Det er ikkje forbode å rette marknadsføring mot barn, men reglane i marknadsføringslova seier at verksemder skal vise særleg varsemd overfor barn. Artikkelen under diskuterer om Fast Candy si marknadsføring mot barn er brot på marknadsføringslova.

Journalen (nettavis for studentane på journalistutdanninga ved OsloMet): Skyhøyt reklametrykk: – Loven burde endres

Etterlikning av andre sine produkt

Marknadsføringslova skal i tillegg til å verne forbrukarar òg verne verksemder sine interesser. Det er til dømes ikkje lov til å etterlikne andre sine produkt på ein slik måte at det kan skape forveksling, jf. § 30.

Døme på ulovleg kopiering

Les om Hom Brands, eigarane av Kitch'n og Tilbords, som blei refsa for ulovleg kopiering av kjøkkenknivar:

Dagens Næringsliv: Får refs for ulovlig kopiering og brudd på god forretningsskikk etter mislykket oppkjøpsforsøk

Oppfølging av marknadsføringslova

Forbrukartilsynet utarbeider eigne rettleiarar for å hjelpe verksemder med å forstå krava i marknadsføringslova.

For verksemder som bryt marknadsføringslova, kan Forbrukartilsynet gi økonomiske sanksjonar i form av gebyr. Verksemder kan på si side klage på Forbrukartilsynet sitt vedtak til Markedsrådet.

Rettleiarar for merking av reklame

Forbrukartilsynet: Forbrukertilsynets veiledning om reklame i sosiale medier

Medietilsynet: Veileder til youtubere og videobloggere om merking av reklame

Forbrukartilsynet: Forbrukertilsynets veiledning om merking av retusjert reklame

Lytt til podkast

Nedanfor er ein podkast om marknadsføringslova med advokat Morten Grandal.

God lytt!

Tenk over

  • Kva blir i podkasten beskrive som god forretningsskikk?

  • Kva for nokon døme på brot på god forretningsskikk blir nemnde?

Ung kvinne smiler og ser opp på snakkeboble med teksten "Marknadsføring og leiing". Ved sida av ho er det seks ulike ikon: ropert, lyspære, tannhjul, stigande graf, globus og mobiltelefon. Illustrasjon.
Marknadsføring og leiing

Lover i marknadsføring

Nesten alle produkt og tenester er avhengige av marknadsføring for å nå ut til kundane. Men for at marknadsføringa ikkje skal kome heilt ut av kontroll, er det behov for lovgiving rundt dette. Det har...

0:00
-0:00

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2024

Læringsressursar

Lovverk i marknadsføring