Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Lag Snapchat-reklame, følg lover og reglar for marknadsføring

I dette arbeidsoppdraget skal de lage reklame på Snapchat. I produksjonen må de følge lover og normer for marknadsføring. De må òg sørge for at annonsane blir merkte på rett måte.

Gruppeoppdrag: Lag Snapchat-annonsar, og følg lover og reglar for marknadsføring

I dette gruppeoppdraget skal de produsere reklame på Snapchat, de skal lage reklame-annonsar som blir viste mellom såkalla stories i Snapchat. De må følge lover og etiske retningslinjer for marknadsføring, og det er viktig at reklameannonsane blir merkte på rett måte.

Sett dykk først inn i lover og regelverk: Les artikkelen "Lover og reglar i marknadsføring", og sjå videoen under om merking av reklame i sosiale medium. (Videoen varer i 37 sekund.)

Video: Forbrukertilsynet / Avgrensa bruksrett

Framgangsmåte

  1. Gå saman i grupper på tre. De skal lage Snapchat-annonsar for eit valfritt produkt.

  2. Hent inspirasjon og studer ulike reklameannonsar på Snapchat. De kan til dømes gå inn på VGs Snapchat-kanal og sjå kva reklamar som er publiserte i dagens utgåve.

  3. De skal lage ein serie på tre ulike annonsar for det same produktet.
  4. Bruk Snapchat-formatet til produksjonen.

  5. Reklameannonsane skal ta i bruk ulike visuelle element (bilete, video, tekst, farge, form). I tillegg kan de nytte dykk av ulike rettsklarerte lydkjelder.
  6. Kven er avsendar? Dette må vere tydeleg i annonsen.
  7. Bodskapen må komme fram på ein klar og tydeleg måte, og det skal treffe målgruppa.
  8. I produksjonen må de følge norske lover og normer for marknadsføring. Det er viktig av Snapchat-annonsane får rett merking.

  9. Presenter Snap-reklamane for resten av klassen. De kan lage ei klassegruppe på Snapchat og publisere annonsane der.