Tverrfaglege opplegg om rasisme, diskriminering og hatytringar
Eit stygt blikk eller ein kommentar kan vere uttrykk for rasisme, men rasisme kan òg vise seg i drap, forfølging og folkemord. Kva er rasisme, og korleis kan vi motarbeide det?
Drapet på Benjamin Hermansen i 2001 viste altfor tydeleg at valdeleg rasisme ikkje berre er noko som kan knytast til Nazi-Tyskland, apartheid i Sør-Afrika eller raseskiljepolitikken i USA. Også i dagens Noreg handlar rasisme om mykje meir enn stygge kommentarar eller sleivete humor. Dette blei endå tydelegare då Noreg opplevde rasistisk motivert terror 22. juli 2011.
Rasisme er eit fenomen som skaper mykje engasjement og debatt. I 2015 blei det innført endringar i den såkalla rasismeparagrafen, og i etterkant blei det ein diskusjon om det er rett å forby hatefulle ytringar. Det kan vere vanskeleg å gi ein dekkande definisjon på kva rasisme er, og det er derfor ofte vanskeleg å avgjere om noko er rasistisk eller ikkje. Når du skal begynne å jobbe med dette temaet, kan det derfor vere lurt å starte med ein diskusjon om rasismeomgrepet.
Du finn fleire ressursar under emnet Rasisme.
Ytringsfridom handlar om å kunne utrykke meiningane sine. I Noreg står ytringsfridommen sterkt, og dei fleste ønsker å forsvare denne retten. Men finst det grenser for ytringsfridommen? Burde ytringsfridommen avgrensast? Kan vi ikkje berre sensurere bort det vi ikkje liker?
I den tverrfaglege læringsstien "Ytringsfridom, sensur og grenser" skal du setje deg inn i kva som ligg i ytringsfridom, og kva avgrensingar det er for ytringsfridommen. Eit sentralt spørsmål i læringsstien er kvar grensene for ytringsfridom går. Du skal også reflektere over og drøfte utfordringar med ytringsfridommen, og om sensur kan vere ei løysing.
Du finn læringsstien og fleire andre ressursar under emnet : Ytringsfridom, sensur og grenser.
Alle er ulike. Mangfaldskompetanse handlar om at vi er klar over dette og har kunnskap om kva denne forskjellen går ut på. Slik kan vi bli gode medborgarar og bidra til eit inkluderande samfunn.
I dette emnet finn du mellom anna ein læringssti som skal gi deg ei innføring i mangfaldsomgrepet og øve opp mangfaldskompetansen din. Mangfaldskompetanse handlar om å ha kunnskap om forskjellar og å ha evne til å setje seg inn i korleis andre har det, eller kvifor dei er som dei er.
Det er mange fagomgrep som er i slekt med mangfaldskompetanse. Når vi snakkar om mangfaldskompetanse på det kulturelle området, bruker vi gjerne omgrepet interkulturell kompetanse. Andre relevante omgrep er ueinigheitsfellesskap, interseksjonalitet, kulturrelativisme og kulturmøte.
Vi har samla ressursar frå ulike fag som tek for seg desse omgrepa under Mangfaldskompetanse.