Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Rasisme og diskriminering

Oppgåve knytt til podkastepisode om utanforskap i form av diskrimering og rasisme.
Kollasj med to portrettbilder. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forarbeid

Tenk over følgjande, og noter ned nokre stikkord:

  1. Har du sjølv fordommar mot folk som er annleis enn deg sjølv?
  2. Podkasten under handlar om Gisle som er homofil og Abu som har pakistansk bakgrunn. Kva slags diskriminering, rasisme eller hatefulle ytringar trur du dei har opplevd?
  3. Kva konsekvensar kan det få å bli utsett for slike ting?
Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten «Heilt personleg». Foto.
Heilt personleg

Rasisme og diskriminering

Gisle Agledahl og Abubakar "Abu" Hussain i samtale med programleiar Marthe Sveberg.

0:00
-0:00

Etterarbeid

  1. No som du har høyrt på podkastepisoden, kva er den umiddelbare reaksjonen din? Fortalde Gisle og Abu om det du trudde dei skulle fortelje om? Var det noko du var overraska over?
  2. Kva er likskapar og forskjellar ved det Gisle og Abu fortel om erfaringane sine?
  3. Kva meiner Gisle når han snakkar om representasjon og kor viktig det er? Kan dette overførast til andre minoritetar i samfunnet?
  4. Abu snakkar om at vi i Noreg har det han kallar "smilande rasisme". Kva meiner han med det? Trur du dette gjeld for alle? Kan noko som du trur ikkje er rasisme, likevel vere det?
  5. Kva kan vi gjere for å unngå diskriminering og rasisme? Trur du det er mogleg å få ein slutt på dette?
CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2020

Læringsressursar

Rasisme, diskriminering og hatytringar