Hopp til innhald
Fagartikkel

Kva er diskriminering?

Diskriminering er det same som forskjellsbehandling. Bakgrunnen for at nokon blir diskriminert, kan vere kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering eller alder.

Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO) arbeider for meir likestilling og mot diskriminering. Ombodet kan kontaktast dersom nokon meiner at dei blir diskriminerte.

Korleis blir ein diskriminert?

Diskriminering skjer på mange område. Mange opplever diskriminering i arbeidslivet, mellom anna ved tilsetjingar. Dei føler at dei ikkje får ein reell sjanse ved at dei ikkje blir vurderte profesjonelt, men til dømes ut frå kven dei er, eller korleis dei ser ut. Ein del opplever òg diskriminering på skulen eller når dei vil leige bustad.

Det er forskjell på direkte og indirekte diskriminering. Direkte diskriminering er det når personar som elles er like, blir behandla ulikt. Eit døme er når ein person ikkje får ein jobb på grunn av hudfargen sin, eller fordi han eller ho er open homofil.

Indirekte diskriminering er det når personar med ulike behov og føresetnader likevel blir behandla på same måten som andre, men slik at resultatet av likebehandlinga blir diskriminerande. Det kan til dømes vere snakk om manglande rullestolramper for funksjonshemma.

Lover og reglar

Vi har ei rekkje lover mot diskriminering. Sidan 1970 har vi hatt straffereglar mot rasisme. I 1978 fekk vi ei likestillingslov, som først og fremst var retta mot kjønnsdiskriminering, altså forskjellsbehandling på grunn av kjønn. Og frå 1981 har det vore forbode med diskriminering på bakgrunn av seksuell legning. I 2013 fekk Noreg ei ny diskrimineringslov, i tråd med FN-konvensjonen om menneskerettane, med forbod mot diskriminering både på grunn av etnisitet, religion og livssyn.

Lova vi har i dag, heiter Likestillings- og diskrimineringslova. Ho seier at det er forbud mot å diskriminere på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgåver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller kombinasjonar av desse grunnlaga. Likestillings- og diskrimineringsombodet skal verne interessane og rettane til enkeltpersonar eller grupper gjennom juridisk kontroll av verksemda til styresmaktene.

Også i arbeidsmiljølova er vern mot diskriminering teke med. Det gjeld alle sider ved arbeidsforholdet, mellom anna ved utlysing og tilsetjing, opplæring, forfremjing og lønnsfastsetjing. I lova står det at det er forbode med direkte og indirekte diskriminering på grunn av politisk syn, medlemskap i arbeidstakarorganisasjonar, seksuell orientering eller alder.

Lovleg forskjellsbehandling

Forskjellsbehandling kan i somme tilfelle vere lovleg. Når det gjeld tilsetjingar, kan det til dømes vere spesielle krav om å kunne norsk godt i bestemte stillingar, og i trus- og livssynssamfunn vil religion og livssyn i dei fleste tilfelle vere ein sakleg grunn for forskjellsbehandling. Ein kyrkjelyd kan altså velje å tilsetje ein religiøs person heller enn ein ikkje-religiøs person. Vi har òg noko som heiter positiv særbehandling. Ved tilsetjingar kan det til dømes leggjast vekt på etnisitet som ein fordel. Dersom to personar stiller likt etter ein intervjurunde, kan ein altså bevisst velje å tilsetje den som høyrer til ein etnisk minoritet. I Noreg er det særleg i kommunane og staten at arbeidsgivarane har ein offisiell politikk om positivt å særbehandle underrepresenterte grupper.

Relatert innhald