Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Grensene for ytringsfridommen

Diskuter kvar grensene for ytringsfridommen går.

Oppgåve 1

  1. Vinteren 2020 vart to personar dømde i høgsterett for å ha ytra seg spesielt sjikanøst og krenkjande i sosiale medium. Drøft kvar grensene går mellom kritiske ytringar om religion og etnisitet og hatefulle ytringar. Les dommen frå høgsteretten (filternyheter.no)
  2. Er det forskjell på kvar grensa går for ulike grupper? Er det forskjell om du er ein journalist, bloggar eller kommenterer i sosiale medium? Diskuter saman den som sit nærast deg.

Oppgåve 2

Mange unge på sosiale medium opplever netthets. Diskuter i grupper om de har døme på ytringar i sosiale medium som har gått over grensa, og kva som kan gjerast for å førebyggje netthets.

Oppgåve 3

Omtrent 50 prosent av befolkninga i verda bur i land der ytringsfridommen er trua eller ikkje blir overhalden.

Vel deg eit land der det ikkje er reell ytringsfridom og finn ut kva bakgrunnen er for at folk ikkje har rett til å ytre seg i dette landet. Lag ein liten presentasjon basert på funna dine.

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi.
Sist fagleg oppdatert 28.04.2020

Læringsressursar

Rasisme, diskriminering og hatytringar