Hopp til innhald

Fagstoff

Ytringsfridom

Ytringsfridom betyr at du har rett til å gi uttrykk for meininga di og det du ønsker å seie noko om. Ytringsfridommen er rekna som ein menneskerett.
Menneske med snakkebobler. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ytringsfridommen

Vi seier at ytringsfridommen er eit såkalla ufråvikeleg prinsipp i landet vårt. Det betyr at ytringsfridommen har ein naturleg plass i eit demokrati, og at han står sterkt. Du skal ikkje bli straffa eller fengsla for å uttrykke meininga di om noko du er oppteke av. Du skal heller ikkje bli straffa for å ikkje uttrykke meininga di, om du ønsker det.

Ytringsfridommen er ein føresetnad for eit levedyktig demokrati.

Når du bruker ytringsfridommen din, kan du både uttale deg munnleg, skriftleg og til dømes delta i demonstrasjonar for eller mot noko du er oppteken av, og du kan bruke stemmeretten din til å delta i val. Hugs at skriftlege ytringar òg handlar om det du skriv på sosiale medium eller i kommentarfeltet til ei nettavis.

Ytringsfridommen og dei tilhøyrande avgrensingane er dekte av norsk lov, og også av FNs menneskerettserklæring. I Noreg er det §100 i Grunnloven som handlar om ytringsfridommen. Der står det mellom anna:

Ytringsfridom bør finne stad. Ingen skal kunne haldast rettsleg ansvarleg for å ha kunngjort eller motteke opplysningar, idear og bodskap. (Grinnlova, 1814, §100)

Du har altså ein lovfesta rett til å uttrykke meiningane dine. Viss du seier noko negativt om statsministeren eller kommunen du bur i, skal du ikkje bli straffa for det. Du skal kunne kritisere styresmaktene og stille spørsmål ved det som skjer i samfunnet.

Ansvaret ditt

Det er ditt eige ansvar at du ikkje bryt norsk lov når du bruker ytringsfridommen din. Viss ytringane til dømes oppmodar til lovbrot, inneheld truslar, er rasistiske eller hatefulle, kan du dømmast for ytringane.

Litteratur

CC BY-SASkrive av Inga Berntsen Rudi og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2020

Læringsressursar

Rasisme, diskriminering og hatytringar