Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Jodklokke (oscillerande)

Det skal mykje til å ikkje bli fascinert av dei brå fargeendringane som svingar fram og tilbake i dette klassiske eksperimentet.

Utstyr

  • 4,3 g kaliumjodat, KIO3
  • 0,5 mL konsentrert svovelsyre, H2SO4
  • 1,56 g maleinsyre (propandisyre) eller malonsyre
  • 0,34 g mangansulfat, MnSO4
  • 0,4 g stivelse
  • 100 mL 12 % hydrogenperoksid, H2O2
  • 3 erlenmeyerkolbar, 100 mL

Relatert innhald

Førebuing

Løysing A

  1. I ein erlenmeyerkolbe med ca. 0,5 dL destillert vatn tilsetjast
    • 4,3 g kaliumjodat
    • 0,5 mL konsentrert svovelsyre (bruk sprøyte om nødvendig)
  2. Løys opp alt (kan kreve oppvarming).
  3. Fortynn til 100 mL.

Løysning B

  1. I ein erlenmeyekolbe med ca. 0,5 dL destillert vatn tilsetjast
    • 1,56 g maleinsyre (malonsyre kan brukast)
    • 0,34 g mangansulfat
    • 0,4 g stivelse.
  2. Løys opp alt (kan kreve oppvarming).
  3. Fortynn til 100 mL.

Løysing C

100 mL 12 % H2O2.

Framgangsmåte

  1. Ta like mengder av kvar løysing i eit begerglas, i rekkjefølgja A + B + C. Blandinga vil først bli oransje, så mørk blå/svart, så blank, og vil halde fram med å skifte mellom fargane i nokre minutt.
  2. Viss løysing B har stått ei stund, kan ho bli ganske grumsete. Det held då å varme ho opp og røre rundt i nokre minutt, slik at alt løyser seg opp. Kjøl ned løysinga før bruk – viss ikkje, går reaksjonen VELDIG fort.
  3. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Dette er ein kjempefin demonstrasjon som kan gjerast nær sagt kor som helst, når som helst og som elevane synest er veldig fascinerande. Ha gjerne ein kvit bakgrunn bak begerglaset.

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk