Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Sjølvtenning med glyserol

Bruk kaliumpermanganat for å få glyserol til å sjølvtenne.
Digel med pulver og flaske med væske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • kaliumpermanganat, KMnO4
  • glyserol
  • digel / metallplate / ikkje brennbar overflate

Framgangsmåte

  1. Bruk ca. to teskeier kaliumpermanganat til å lage ein liten haug i digelen.
  2. Lag ei lita grop på toppen.
  3. Tilset ca. 1 mL glyserol og trekk tilbake.
  4. Viss all kaliumpermanganaten har reagert, kan du skylje restane ned i vasken. Viss ikkje, må restane samlast opp i eigne flasker.

Vær nøye med at overflata du bruker toler høge temperaturar. Forsøket bør gjerast i avtrekk.

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk