Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Jodklokke (ikkje-oscillerande)

I dette klassiske eksperimentet kan du forvente ei brå fargeendring, etter ei viss tid.
Forsøksoppsett for jod-klokke-eksperiment. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • 0,2 g stivelse
  • 30 mL konsentrert eddiksyre (iseddik), CH3COOH
  • 4,1 g natriumacetat, NaCH3COO
  • 50 g kaliumjodid, KI
  • 9,4 g natriumtiosulfat, Na2S2O3·5H2O
  • 1 L 10 % hydrogenperoksid, H2O2
  • 2 erlenmeyerkolber, 1 L
  • begerglas, 250 mL

Relatert innhald

Fremgangsmåte

  1. Lag ein pasta av 0,2 g stivelse og nokre dråpar vatn i eit begerglas.
  2. Tilsett 100 mL kokande vatn og rør om.
  3. Overfør blandinga til ein 1 L erlenmeyerkolbe og fortynn til 800 mL.
  4. Tilset 30 mL iseddik, 4,1 g natriumacetat, 50 g kaliumjodid og 9,4 g natriumtiosulfat.
  5. Rør om (bruk magnetrørar) til alt er løyst opp, og avkjøl til romtemperatur.
  6. Overfør løysinga til ein 1 L målekolbe og fortynn til 1 L.
  7. Mål ut likt volum av løysing A og B i kvart sitt begerglas (50 mL eller meir).
  8. Set det store begerglaset på magnetrøraren og slå han på.
  9. Bland begge løysingane i det store begerglaset og observer.
  10. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Dette er ein kjempefin demonstrasjon som kan gjerast nær sagt kor som helst, når som helst. Ha gjerne ein kvit bakgrunn bak begerglaset.

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk