Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Whoosh-flaske

Rask forbrenning av metanol i ei flaske gir kraftig "whoosh".
Kolbe med flamme. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • metanol (eller annan lettenneleg alkohol)
  • salt (koparsulfat, kaliumklorid eller noko anna som gir fin farge)
  • erlenmeyerkolbe med smal tut (jo større, jo betre), eller anna stor flaske

Framgangsmåte

  1. Valfritt: Løys opp ca. ei halv teskei salt i ca. 50 mL metanol i eit begerglas og la det stå på ein magnetrørar i ca. 10 minutt, til mesteparten av saltet er løyst opp. Løysinga vil gi en farget flamme.
  2. Overfør ca. 10-15 mL metanol til ein erlenmeyerkolbe.
  3. Rør/rist godt på kolben, slik at metanolen fordeler seg best mogleg.
  4. Tøm ut overflødig metanol. Kolben skal no vere metta med metanol-gass.
  5. Før ei fyrstikk til opninga av kolben (forsiktig med fingrane).
  6. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.
CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 20.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk