Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Blodig skrift

Lag "ekte" filmblod med berre to ingrediensar og skriv ein beskjed som vil bli hugsa.
Bokstavane n, d, l og a, skrivne i ein farge som minner om størkna blod. Eit skalpell er plassert delvis over skrifta. Bladet  på skalpellen har same farge som teksten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • 5 g kaliumtiocyanat, KSCN
  • 5 g jern(II)klorid, FeCl2
  • 2 begerglas, 50 mL
  • ein bit papp stor nok til å skrive på med fingeren

Framgangsmåte


  1. Hell kvart salt i sitt eige vesle begerglas og tilset nokre milliliter vatn for å lage ein metta løysning.
  2. Dekk pappbiten i kaliumtiocyanat-løysning og la tørke.
  3. Dypp så fingeren i jern(II)klorid-løysningen og skriv på pappbiten. Dette skal resultere i blodraud skrift.
  4. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.
CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 19.02.2019

Læringsressursar

Demoforsøk