Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Demoforsøk: Elefanttannkrem

Lag ei imponerande skumsøyle når hydrogenperoksid og kaliumjodid reagerer i ei såpeblanding.
Fire elevar med lærar i bakgrunnen gjennomfører kjemisk eksperiment med grøn væske på naturfagslab. Dei har på seg laboratoriefrakkar og vernesbriller, og eleven som blandar væsker, har på seg eingongshanskar. Foto.

Utstyr

Liten skala

Stor skala

  • 50 ml 35 % hydrogenperoksid, H2O2
  • 45 g kaliumjodid, KI
  • 30 mL vatn
  • Zalo
  • målekolbe, 250 mL
  • begerglas, 100 mL
  • kokeplate eller gassbrennar

Framgangsmåte

Utstyr som ein treng for å lage elefanttannkrem. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  1. Start med å måle ut kaliumjodid i begerglaset.
  2. Tilset vatn, og varm opp begerglaset mens du rører i væska for å løyse opp kaliumjodid.
  3. Mål ut hydrogenperoksid i erlenmeyerkolben/målekolben. Volum
    treng ikkje vere nøyaktig. Ein hugseregel kan vere å fylle opp til slutten på avrundinga nedst på erlenmeyerkolben.
  4. Tilset litt Zalo i kolben (ca. halvparten så mykje som hydrogenperoksid).
  5. Viss ein vil, kan ein tilsetje konditorfarge i tillegg. Når ein skal gjere demonstrasjonen, er det viktig å helle i kaliumjodiden så raskt som mogleg, og fjerne begerglaset så raskt som mogleg, slik at det ikkje står i vegen for skumsøyla som blir laga.
  6. Restar kan tømmast ut i vasken og skyljast ned med vatn.

Fantastisk fin demonstrasjon av gassutvikling. Kan gjerast i ein stor balje eller vask, men må gjerast utandørs viss han gjerast i stor skala. Avpass mengda og konsentrasjonen på kjemikaliane til forholda.

Når ein gjer demonstrasjonen, er det viktig å bruke briller og frakk. Skummet som blir laga, set farge på klede.

CC BY-SASkrive av Bjørn Eidem.
Sist fagleg oppdatert 23.01.2023

Læringsressursar

Demoforsøk