Gjer fokusgruppeundersøkingar
No skal de jobbe med fokusgrupper og gjere fokusgruppeundersøkingar på fleire måtar. Gjennomfør ein eller fleire av fasane nedanfor. Gjer notat undervegs i fasane og bruk dette i ein rapport om fokusgruppeundersøkingane. Nedst i denne artikkelen ligg aktuelle tips for rapporten.
Gjennomfør ulike fokusgruppeundersøkingar:
Gjer eit innleiande fokusgruppeintervju om temaet.
Undersøk kva medieuttrykk som slår an.
Vis fram eit nesten ferdigprodusert materiale.
Gjer først research om tematikken de ønskjer å lage innhald om. Leit fram statistikk, historier og informasjon om temaet. Etter den innleiande researchen må de førebu fokusgruppeintervjuet.
Lag ein intervjuguide med flest mogleg opne spørsmål, og ver førebudd på å stille oppfølgingsspørsmål. (Kvifor? Korleis? Har du eit døme på dette?)
Når de intervjuar fleire, er det lurt å trekkje inn alle undervegs og byte på kven de stiller spørsmål til. Då får de inn mange perspektiv, og alle får bidra. Finn ut korleis de skal ta vare på svara, og om de skal gjere lydopptak. Dersom de gjer lydopptak, må de få samtykkje til opptak.
Finn ein eigna stad og gjennomfør fokusgruppeintervjuet. Ta notat undervegs. Bruk intervjuguiden dykkar, men ver også til stades i situasjonen og still spørsmål som dukkar opp. Det kan vere lurt at nokon konsentrerer seg om å stille spørsmål, mens andre noterer. Etter intervjuet er det lurt å debrife og skrive samandrag. Kva slags innsikt har de fått? Korleis kan det påverke den vidare planen for innhaldet?
Test ulike medieuttrykk på fokusgruppa for å finne ut kva dei liker og ikkje liker. De kan teste ut ting som allereie er produsert av nokon andre, eller dykkar eige materiale. De kan til dømes teste ut musikk, bilete, klippestil på videoar, grafisk design, ulike anslag og kva karakterar som verkar truverdige.
Vis fram materialet og undersøk responsen i fokusgruppa. Ler dei? Ser dei bort, er dei engasjerte, eller kjedar dei seg? Still spørsmål etterpå for å finne ut meir. Kva liker dei, og kva er dei mindre interesserte i? Kva kan de lære av responsen og bruke sjølve vidare?
I sluttfasen av ein produksjon kan de vise fram delar av eller heile produktet. Det kan vere lurt å vise det etappevis, til dømes å stoppe etter anslaget og spørje korleis gruppa opplever innhaldet, før dei får sjå eller høyre resten. Det går også an å vise fram fleire anslag. Kva karakterar engasjerer? Passer musikken? Får publikum svar på det dei forventar? Har dei lyst til å sjå vidare, eller vil dei heller sjekke mobilen?
Noter responsen de får.