Lag pilotepisode og sjekk responsen i ei fokusgruppe
Lag eit kort pilotepisode av eit av oppdraga under. Test ut responsen i ei fokusgruppe.
1: Videoportrett av ungdom
Regionavisa vil ha ein ny dokumentarserie om ulike ungdommar. Dei ønsker ungdom til å produsere han, for å få eit ungt og fresht uttrykk. Serien skal presentere livet og interessene til ungdom i kvar episode.
Lag ein pilotepisode på to minutt, og lag tittel og vignett til serien. Regionavisa vil ha tittelforslag på dokumentarserien.
2: Kortfilm og teaser
NRK P3 vil ha kortfilmar i ulike filmsjangrar som skal treffe ungdom. Kortfilmen kan vere på mellom fem og ti minutt, og pilotepisoden skal vere på to til tre minutt.
Set stemninga og ha eit tydeleg visuelt uttrykk. Lag òg ein teaser (smakebit) på 15 sekund tilpassa deling i sosiale medium i ståande eller kvadratisk format.
3: Podkast
Helsestasjonen i kommunen dykkar vil ha ein podkast med fokus på ungdom og samhald/utanforskap for å gjere det lettare for ungdom å få hjelp og bry seg om dei rundt seg.
Dei ønsker at det skal vere ein podkast med dramatiseringar/casar som blir diskuterte av eit panel med to eller tre personar. Lag ein pilotepisode på tre minutt. Få med tittelforslag og eit podkast-cover (kvadratisk).
Når de har laga pilotepisoden, førebur de visning eller lytting av pilotepisoden og lagar spørsmål til fokusgruppa.
Køyr fokusgruppeundersøking
Noter kva som skjer når de viser fram materialet. Ler dei? Ser dei forvirra ut? Er dei engasjerte? Blir dei påverka? Ser dei heller på mobilen eller ut av vindauget? Kva tenker dei om innhaldet, og lurer dei på noko?
Skriv ned svara eller ta lydopptak av fokusgruppeintervjuet.
Kva fungerer? Kva kan bli betre?
Korleis blir det de har skapt, møtt av deltakarane?
Kva kan de ta med dykk vidare til denne eller andre produksjonar?
Dersom det er rom for det, kan de vidareutvikle konseptet og lage heile episoden eller lage ein ny episode. Bruk innspela de har fått i fokusgruppeundersøkinga, for å forbetre produktet eller konseptet.
Relatert innhald
Gjer du fokusgruppeundersøkingar, kan du komme i djupna og få verdifull informasjon som du kan bruke når du utviklar program og innhald.