Hopp til innhald
Arbeidsoppdrag

Gjer innsiktsarbeid for å forbetre nettstader

Her skal du planleggje eit innsiktsarbeid. Vurder kva slags metodar og analyseverktøy du kan bruke for å skaffe nyttig informasjon og innsikt. Målet er å forbetre ein nettstad.

Før du går i gang med oppgåva, er det nyttig å lese artikkelen "Bruk målingar og brukarrespons for å forbetre nettstader".

Du kan jobbe åleine eller samarbeide med andre i par eller ei lita gruppe.

Oppgåve

Du skal no planleggje eit innsiktsarbeid som skal bidra til at ein nettstad blir best mogleg for brukarane.

Vel éin av dei tre casane nedanfor. Planlegg innsiktsarbeidet ved hjelp av ulike måle- og analyseverktøy og metodar for brukarinvolvering. Foreslå minst to måtar du kan gjere innsiktsarbeid på for å løyse oppgåva i casen du vel.

Skriv kva metodar og teknikkar du anbefaler, forklar kva dei går ut på, og skriv kvifor nettopp desse eignar seg for casen du har valt, og kva slags informasjon du kan skaffe ved hjelp av desse metodane og teknikkane.

Case 1: Ein treningsnettstad mister kundar

Ein ny treningsnettstad tilbyr treningsvideoar og PT-rettleiing (personleg trenar) over nett. Dei har hovudsakleg videoar, og desse er på 30-40 minutt. Det er mange som klikkar seg inn på videoane, men dei fleste lukkar dei før det har gått fem minutt.

Den første månaden kostar eit abonnement 29 kroner, men det er nesten ingen som ønskjer å gå vidare til vanleg abonnement etterpå, som kostar 79 kroner per månad. Kundeflukta er stor, og noko må gjerast.

Korleis kan eit innsiktsarbeid bidra til å gjere treningsnettstaden betre, slik at kundane blir verande?

Tips om relevante innsiktsmetodar:

  • Du kan studere trafikktal og analysere responsen på videoane.

  • Du kan spørje brukarane om kva dei treng (fokusgruppeintervju).

  • Du kan utføre av denne nettstaden og liknande nettstader.

  • Du kan observere kva brukarane gjer, ved hjelp av .

  • Du kan identifisere og forbetre ved hjelp av .

Case 2: Ung.no vil gjere nettstaden betre tilpassa ungdommar

Ung.no er ein nettstad for ungdom og dekkjer svært mange område – alt frå helse til utdanning og rettar. Sidan dei har innhald om mykje ulikt, kan det bli vanskeleg å orientere seg på nettsidene.

No ønskjer dei råd for å redesigne framsida. Dei vil vektleggje viktige kjernesider, eit enklare design og at sida skal fungere godt både i nettlesarar og på mobil.

Korleis kan du bruke innsiktsarbeid til å forbetre nettsida, slik at ho treffer ungdommar så godt som mogleg?

Tips om relevante innsiktsmetodar:

  • Du kan utføre av denne nettsida og liknande nettsider. Kva fungerer godt, og kva fungerer mindre godt? Kva er viktig for brukarane?

  • Du kan identifisere og forbetre ved hjelp av .

  • Du kan observere kva brukarane gjer, ved hjelp av

  • Du kan gjennomføre ei fokusgruppeundersøking, der ser på dagens sider og snakkar om kva som er viktig for dei.

  • Du kan be brukarane om tilbakemelding ved å leggje inn dialogboksar. Slik kan du undersøkje om dei er fornøgde med innhaldet, om dei finn det dei skal, og om dei lurer på noko.

Case 3: Ei ny elektronikkjede vil ha oppstartshjelp

Om to månader skal ei heilt ny elektronikkjede starte opp i Noreg. Dei vil satse stort på netthandel.

Før dei lanserer nye nettsider, vil dei ha gode råd om kva dei bør vektleggje, og korleis dei skal byggje opp nettstaden.

Dei siktar seg inn på høgt utdanna og miljøbevisste menneske i aldersgruppa 25–35 år.

Tips om relevante innsiktsmetodar:

  • Du kan spørje brukarane om kva dei synest er viktig på nettstader som sel elektronikk (fokusgruppeintervju).

  • Du kan utføre av skisser og som viser moglege oppsett, og brukarteste konkurrerande nettstader.

  • Du kan identifisere på liknande nettstader og velje ut kjernesider.

  • Du kan bruke til å lage utkast av , og presentere dei for elektronikkjeda. Desse kan du også brukarteste.