Hopp til innhald
Oppgåve

Videomarknadsføring i sosiale medium

Lik og del! Marknadsføring ved bruk av video aukar i omfang på internett. Møt fagfolk som jobbar med videomarknadsføring i sosiale medium.
Video: Filmkonsulentene / CC BY-NC-SA 4.0

Filmen fortel om arbeid med videomarknadsføring i sosiale medium. Marknadsføringsstrategi, målgrupperetting, verkemiddel og innhaldsproduksjon er blant temaa.

Oppgåve

Sjå filmen og svar skriftleg på spørsmåla.

  1. Repeter omgrepa sosiale medium, marknadsføring, marknadsføringsstrategi, AIDAS, målgruppe og målgrupperetting.

  2. Ta stilling til to utsegner frå filmen. Har dei eit poeng?

  • Moderne marknadsføring har god kontroll på målgruppa.

  • Videomarknadsføring må tilpassast kanalen.

  1. Kva meiner du er grunnen til at videomarknadsføring aukar i omfang på sosiale medium?

  2. Søk på internett for å finne ut meir om lydeffektplattforma Soundly. Korleis trur du framtida ser ut for denne typen verksemder?

  3. Finn døme på god og mindre god marknadsføring i sosiale medium. Skriv ei kort vurdering av døma, og lim inn lenker til døma i dokumentet ditt.

  4. Korleis ville du forma ut ein videoreklame for å skaffe lyddesignarar til eit oppdrag? Kva verkemiddel ville du brukt? I kva kanalar ville du plassert reklamen?

Relatert innhald