Målgrupper og digital dataanalyse
Dei fleste verksemder har gjennom åra samla ein del innsikt om kundane sine. Dei veit kanskje litt om alder, kjønn og kor kundane held til, med meir. Dei har kanskje òg skaffa informasjon gjennom marknadsundersøkingar. Alt dette er verdifulle opplysningar som verksemdene kan bruke for å nå eksisterande og potensielle kundar.
For å kunne tilpasse og spisse marknadsføringa må vi vite mest mogleg om målgruppa. Den teknologiske utviklinga har gitt oss fleire moglegheiter for å få innsikt om målgrupper. Vi har i dag tilgang til gode analyseverktøy som Google Analytics, Facebook Innsikt og Instagram Innsikt. Her kan vi hente ut informasjon om kven som besøkjer nettstaden vår, kjøper visse produkt i appen vår eller engasjerer seg på Facebook-sida eller Instagram-sida vår.
Vi finn til dømes informasjon om kjønn, alder, interesser og kor personane er. Vi kan òg hente ut informasjon om når på året det er spesielt stor interesse for produkta våre, kva tid på døgnet følgjarane våre er aktive på Facebook, og mykje meir. Denne innsikta gir oss moglegheit til å lage målgrupper som vi veit er interesserte i det vi ønskjer å selje.
Ved hjelp av marknadskommunikasjon via til dømes Google, Facebook eller Instagram vil verktøy som Google Analytics, Facebook Innsikt og Instagram Innsikt gi oss moglegheit til å velje målgruppe ut frå mange ulike kriterium. Slike kriterium kan til dømes vere opplysningar om alder, kjønn, bustad, interesser og åtferd på nett.
Spegelpublikum – dei som liknar på kundane våre
Både hos Google, Facebook og Instagram har vi moglegheit til å velje ei målgruppe som kallast spegelpublikum. På engelsk kallast denne målgruppa «lookalike audience». Dette er personar som Google, Facebook og Instagram meiner liknar på eller har ei liknande åtferd som kundane våre, eller andre som har vist interesse for produktet vi sel.
Ved å velje denne målgruppa har vi mest sannsynleg større sjansar til å nå ut med marknadskommunikasjon til nye personar som kan vere interesserte i det vi sel, fordi spegelpublikummet liknar på personar som allereie er det.
Personar som har vist interesse for eit produkt
Google har òg eit målgruppeval som kallast In-market-publikum. Denne målgruppa har vist interesse for og søkt på produktet vi sel, og dermed kome lenger i kjøpsprosessen.
Høyrest det ikkje fint ut å kunne treffe dei som skal ta ei avgjerd om kjøp? Basert på dataa Google har, kan In-market-publikum hjelpe til med det. Merk at all informasjon om personar i ei målgruppe er anonymisert.
Tenk over
Googles løysing for målgruppeval ved namn In-market-publikum har ein klar fordel i og med at han kan nå ut til dei som skal ta ei avgjerd om kjøp. Men trur du at det kan vere utfordringar knytte til Google In-market-publikum, og i så fall kva for nokre?
Sjå for deg at du har vist interesse for og søkt etter ny sykkel på nett, og endar opp med å kjøpe deg ein ny sykkel. Kva vil du i så fall synest om å bli møtt med reklame for syklar på nett i lang tid etter kjøpet?
Relatert innhald
Podkast med Sindre Beyer og Berit Boman. I samtalen snakkar dei mellom anna om målgrupper og digital dataanalyse.