Studer resultat for bruk av video
Sjå filmen og noter ned tidspunkt for kor lenge du sjølv er interessert, og når du eventuelt vil byrje å spole i videoen eller stoppe han.
Observer grafen over talet på personar som ser filmen, og kor lenge dei ser på han.
Korleis vil du beskrive grafen? Korleis synest du sjåarresponsen er?
På kva tidspunkt minkar interessa litt, og kvifor trur du det skjer?
Sjå animasjonen og noter ned tidspunkt for kor lenge du sjølv er interessert, og når du eventuelt vil byrje å spole eller stoppe videoen.
Observer grafen under som viser talet på personar som ser på, og kor lenge dei ser på filmen.
Korleis vil du beskrive grafen? Korleis synest du responsen er?
På kva tidspunkt minkar interessa noko, og kvifor trur du det skjer?
Under ser du skjermbilete av ein graf som viser sjåarresponsen i ein opplæringsvideo (tutorial). Videoen er 8:31 minutt lang, og sjåarane ser i gjennomsnitt 2:50 minutt av han, det er mange som ser berre litt av videoen. Videoen er ikkje tilgjengeleg, men det er likevel interessant å studere grafen.
Når byrjar interessa å droppe i videoen?
Kvifor trur du grafen hoppar opp og ned og går høgare opp igjen nokon stader?
Mot slutten går videoen ein god del opp, frå å ha lege på cirka 15 prosent er det no 40 prosent som ser på. Kvifor trur du dette skjer?
Kva kan vere lurt å gjere i opplæringsvideoar for å sikre at brukaren lett finn det hen lurer på?
Korleis utviklar sjåartala seg i undervisningsfilmane samanlikna med opplæringsfilmane (tutorial)?
Korleis kan vi bruke analyseverktøy for å forstå og forbetre videoinnhald?
Kva kan vi gjere for å forbetre ein film og for å få fleire til å sjå meir av ein film?
Relatert innhald
Kor mange ser heile videoen din, og når klikkar sjåarane seg ut? Bruk analyseverktøy for å finne ut kva slags respons du får.