Filmen The Only Story er ein sjølvbiografisk film om det å ikkje vite kven ein er, og om haldningar til adopterte med ikkje-nordisk etnisitet i Noreg.
Om filmen
Uma er adoptert, og så lenge ho kan hugse, har ho stilt spørsmål om sin eigen adopsjon. Denne filmen er den personlege historia hennar der ho tek eit oppgjer med den typisk norske tankegangen rundt adopsjon. Den godtekne, "stovereine", lykkelege adopsjonshistoria står for fall.
I filmen får vi eit innblikk i den identitetskrisa som oppstår når ingen kan gi svar på dei mest eksistensielle spørsmåla i livet til eit barn.
Filmdetaljar
År: 2019
Varigheit: 14 minutt
Regi: Uma Feed
Medverkande: Uma Feed
Format: dokumentarfilm (kortdokumentar)
Land: Noreg
Sjå filmen
Sjå kortfilmen The Only Story på bibliotektenesta Filmbib.
For å sjå filmar på Filmbib må du skaffe deg Bibliotekkortet på sidene til Nasjonalbiblioteket.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Berit Andersen. Rettshavar: NFI
Sist fagleg oppdatert 19.10.2023