Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Eit manus med flyt

Få tips til korleis du lagar eit manus med god struktur og engasjerande tekst.

Korleis skape god flyt i teksten?

Når du skriv manus til eit videoessay, må du tenke på at teksten skal seiast eller lesast høgt, anten av ei forteljarstemme (voice-over) eller av ein person som snakkar framfor kamera (i dette tilfellet: deg).

Derfor bør manuset til eit videoessay "skrivast med stemma". Det betyr at teksten din må vere lett å framføre. Du må tenke over korleis du ordlegg deg, og kva ord du vil legge særleg vekt på.

Prøv ut teksten

For å oppdage om teksten flyt godt, må du prøve han ut. Det gjer du ved å lese han høgt. Sjekk til dømes dette:

  • Finst det ord som er vanskelege å uttale, eller som du ikkje er sikker på korleis ein uttaler?

  • Korleis er rytmen i teksten? Passar han til emnet og til stemninga du prøver å skape?

  • Finst det setningar som er for lange og/eller innfløkte?

Du kan gjere eit lydopptak for å kontrollere korleis teksten fungerer. I tillegg kan du lese teksten høgt for andre og be om tilbakemelding. Personar med "friske" øyre vil gjerne oppdage hol og manglar i teksten lettare enn du. Be lyttarane seie frå om dei stussar over noko eller synest det er vanskeleg å forstå kva du meiner.

Fire jenter snakkar saman rundt eit bord i eit klasserom.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis skape god struktur i teksten?

Videoessayet ditt skal ha ei innleiing, ein hovuddel og ei avslutning. Utover det finst det eigentleg ingen fasit på korleis du angrip temaet, og kva rekkefølge du har på dei ulike momenta. Det viktigaste er at du klarer å skape ei logisk rekkefølge og god flyt.

Du kan bruke dette verktøyet frå norskfaget på NDLA til å bygge ein overordna struktur. Når du er ferdig med alle stega, eksporterer du det du har skrive. Då får du eit dokument og kan jobbe vidare med flyt og finpuss.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2022

Læringsressursar

Videoessay