Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Idéutvikling for videoessay

Bruk tid på å jobbe fram idéar om temaet du skal utforske i videoessayet. Kva kjensler vekkjer temaet hos deg? Kva tenkjer andre om temaet?

Det kan vere vanskeleg å finne på nye og spennande innfallsvinklar til eit tema du skal lage om.

Dersom du gjer eit grundig førearbeid i skrivefasen, blir det lettare for deg å bestemme kva du ønskjer. Du treng ikkje å bruke alt du finn fram til. Noko av kunsten er å plukke ut det som kan belyse temaet, slik at det blir interessant å følgje med på det du fortel i videoessayet ditt.

I skjemaet nedanfor får du hjelp til . Jobb deg gjennom skjemaet og eksporter det du har skrive, til eit dokument du kan jobbe vidare med.

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal og Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 08.03.2022

Læringsressursar

Videoessay