Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Praktisk produksjon og etterarbeid

Korleis blir manuset ditt til eit innhaldsrikt og flott videoessay? Lær korleis du planlegg og gjennomfører ein vellykka produksjon.
To unge filmfolk skyt ei filmscene ute i naturen. Dei er på ei slette med høgt gras. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Frå manus til videoessay: tre fasar

  1. Biletmanus

  2. Innsamling og opptak

  3. Etterarbeid

Biletmanus

Bruk tid på å visualisere teksten din og finn ut kva for bilete, videoklipp, lydar og grafiske element du treng.

Kva har du frå før, kva kan du hente frå internett (med lisens som tillet gjenbruk), og kor mykje må du produsere sjølv?

Lag eit eller biletmanus i tabellform, som vist nedanfor.

Døme på biletmanus
TekstBilete/klippLyd, grafiske element
"Eg pulte russepresidenten på LS", roper ho og fniser saman med dei andre elevane i klasserommet ..." Filme klasserom, elevar og reaksjonar. Nærbilete, froskeperspektiv av jenta. Bilete/klipp frå russetreff (lisens?)Voice-over

Latter, russemusikk
"I forne tider, då samlivsmoralen var meir "høveleg" og fri for dei forfallstendensane vi er vitne til i dag, var det vanleg at unge jenter blei gifta bort til langt eldre, etablerte menn ..."Finne ei bryllaupsscene frå ein film / bilete av ung jente med gammal mann. Obs: Sjekk lisens.

Ev. filme sjølv: gammal mann i froskeperspektiv, ung jente i fugleperspektiv, begge smiler mot kvarandre
Voice-over

Svart-kvitt-bilete, ev. lydeffekt/stemma av ein mann i førti–femtiårsalderen, med uttrykksmåte som i gamle dagar

Tekstutdraga i biletmanuset er lånte frå eit essay om russetid og kjærleik, skrive av vg3-eleven Mathias Dahlsveen.

Innsamling og opptak

Opprett eit dokument med ei oversikt over alt du treng å finne og/eller produsere, og lag ein tidsplan for arbeidsoppgåvene dine.

Finn lovleg materiale

Til eit videoessay treng du mange bilete, klipp, lydar og grafiske element.

  • Skaff deg oversikt over nettstader som tilbyr bilete, video, lyd og grafisk innhald som er lov å dele. Sjå mellom anna på denne NDLA-artikkelen: Finn innhald du kan bruke og dele.

  • gjer det mogleg å bruke eksisterande filmklipp for å eksemplifisere og illustrere poeng. Finn ut korleis du kan laste ned filmklipp til datamaskina di. Det finst mange nedlastingsverktøy på internett.

  • Sjekk at du held deg innanfor regelverket og krediterer opphavar på rett måte. Kanskje er det lurt å friske opp kunnskapane dine om sitatretten?

  • Legg lenker og kjeldeopplysningar om alt som du bruker, i dokumentet. Det er viktig at du kan dokumentere kvar du har henta materialet, i tilfelle det oppstår tvil om bruksretten.

Planlegg opptak

Førebu alle opptaka som du treng å gjere. Dess betre førebuingar, dess lettare går filminga. Skisser gjerne eit enkelt storyboard, eller lag skottliste. Bruk til dømes nokre av forslaga våre til malar til planlegging av filmopptak.

Film gjerne med mobiltelefonen. I ressursen Slik gjer du opptak med mobilen får du tips om kva du bør passe på når du lagar filmopptak med mobil.

Skap den visuelle stilen

I eit videoessay bør du utnytte filmspråket og leike med det, så ikkje gløym å eksperimentere med forteljargrep og verkemiddel! Tenk alltid: Korleis kan eg best støtte det eg vil seie, med bilete, klipp, lydar eller grafiske element?

Tenk også over korleis du kan ta litt overraskande stilgrep. Les deg gjerne litt opp om korleis du skaper den visuelle stilen i filmen.

Skjermbilete av eit videoredigeringsprogram. Skjermdump.

3. Etterarbeid

Når alle elementa er lagde inn, redigerer du dei saman og gjer videoen klar for publisering.

Redigering

Først set du alle elementa dine inn i eit eigna redigeringsprogram. Her har du framleis høve til å påverke resultatet. Val av lyd, effektar, bilete og klipp avgjer korleis delane verkar saman. Eit typisk videoessay varer i maksimum fem minutt.

Før du seier deg ferdig med redigeringa, må du sjekke at

  • alt av lyd er justert til rett nivå og held god kvalitet

  • bilete og klipp har god kvalitet

  • grafiske element er godt synlege, titlar er godt lesbare og korrekt stava

  • klippinga er utan hol eller plutselege hopp

  • kjelder og kreditering er med, og i tråd med retningslinjer og regelverk

Siste sjekk før eksportering

Før du eksporterer videoessayet, tek du ein siste sjekk. Spel av videoen eit par gonger, både med hovudtelefonar og via høgtalarar. Høyrer du alt som skal høyrast? Ser videoen bra ut? Når du har eksportert, sjå gjennom på nytt for å sjekke at det ikkje har oppstått nokon feil under eksporteringa.

Evaluer før publisering

Siste trinn før du publiserer og seier deg heilt ferdig, er å la andre få sjå videoessayet. Be dei sjå på det i rolege omgivnader og deretter gi deg tilbakemelding. På denne måten får du hjelp til å finne ut kva som fungerer godt, og kva som eventuelt kan forbetrast, før du leverer.

Ein mogleg framgangsmåte er å evaluere videoessayet med sokratisk metode. Test han gjerne ut!

Gjer videoen publiseringsklar

Videoessayet kan lagrast i filformatet MP4 med H.264. Det er eit mykje brukt videoformat.

Viss du skal publisere på internett, kan du velje ein streng lisens som CC-BY-NC-ND (navngiving, ikkje-kommersiell, inga omarbeiding). Då kan ikkje andre endre videoen din eller tene pengar på han. Les gjerne meir om Creative Commons og lisenser, dette er nyttig og viktig kunnskap.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Videoessay