Hopp til innhald

Eigenvurdering

Eigenvurdering for emnet videoessay

Sjekk kva du har lært i dette emnet om videoessay.
Nærbilete av ungdommar som sjekkar opptaket på monitoren til eit videokamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Finn ut kva du har fått med deg

Kan du svare ja på punkta nedanfor, har du lært det viktigaste.

  • Eg forstår at videoessay stammar frå det skriftlege essayet.

  • Eg kan forklare dei viktigaste kjenneteikna på eit essay.

  • Eg kan skrive eit essay med leikent språk som stiller spørsmål om vedtekne sanningar eller aktuelle saker.

  • Eg kan bruke og utforske verkemiddel for tekst, lyd og bilete i ein videoproduksjon.

  • Eg kan føreslå og bruke språklege verkemiddel, visuelle verkemiddel og audiovisuelle verkemiddel i ein produksjon.

  • Eg veit korleis eg kan utvikle idéar til, planleggje og gjennomføre ein videoessay-produksjon.

  • Eg har blitt meir bevisst på å utvikle ein visuell stil når eg jobbar med ein videoproduksjon.

Kan du fagomgrepa?

CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Videoessay