Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lag videoessay om kropp i tekst

Menneskekroppen er skildra i alle moglege sjangrar og medium. Du les om kropp i aviser og bloggar, og du møter bilete av kropp overalt. Lag eit videoessay om kropp i tekst.
To føter på ei badevekt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Lag eit videoessay der du reflekterer over kva for kroppar, og kven sine kroppar, som er representerte i tekstar, og på kva for måte. Kva slags kroppar møter vi, korleis blir dei framstilte, og kva haldningar speglar dette?

Eit godt videoessay krev at du har kunnskap om emnet, slik at du kan trekkje inn ulike meiningar og perspektiv. Du skal også reflektere over dine eigne og andre sine synspunkt. I videoessayet ditt er det forventa at du siterer og refererer andre tekstar som klargjer og støttar momenta du har med.

Forslag til framgangsmåte

Bruk ressursane under for å strukturere arbeidsprosessen:

  1. Idéutvikling videoessay

  2. Arbeid med språklege verkemiddel

  3. Skap eit manus med flyt

  4. Praktisk produksjon og etterarbeid

Tips til tekstar om og med kropp i fokus

Les, lytt til og sjå på medietekstar som på ulike måtar tematiserer kropp. Samarbeid gjerne med andre: Del tekstane mellom dykk og noter ned stikkord, gode poeng og sitat de kan bruke i videoessayet.

NB: Hugs å notere ned kvar du hentar ting frå, slik at du får ført kjelda korrekt i rulleteksten.

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe og Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2022

Læringsressursar

Videoessay