Hopp til innhald

Fagstoff

Fysisk helse blant barn og unge

Den fysiske helsetilstanden til barn og unge i Noreg er svært god samanlikna med hos jamaldringar i andre land, og risikoen for å døy av sjukdom i ung alder er liten. God tilgang til helsetenester og gratis vaksinar bidreg til å førebygge sjukdom.
Sjuk jente ligg i senga og har medisinar på nattbordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vanlege infeksjonssjukdommar

Luftvegsinfeksjonar

Infeksjonar i luftvegane oppstår oftast i vintermånadene. Dei fleste vaksne er forkjølte ein til to gonger i året, mens små barn kan ha opptil sju til ni forkjølingar i løpet av eit år. Dei fleste luftvegsinfeksjonar er milde og medfører ikkje behov for helsehjelp, men av og til blir symptoma så alvorlege at det er behov for innlegging i sjukehus. Dette gjeld særleg dei minste barna, som kan få behov for hjelp til å puste.

Mage- og tarminfeksjonar

Infeksjonar i mage- og tarmsystemet blir ofte kalla omgangssjuke (gastroenteritt). Desse virusinfeksjonane er svært smittsame, og dei gir som regel kortvarig diaré og oppkast hos barn. Smitten blir spreidd raskt ved kontaktsmitte, til dømes i barnehagar, skuleklassar og internt i familiar. Barn blir ramma oftare enn vaksne fordi gjennomgått infeksjon med same type virus gir eit visst vern, men det er ikkje uvanleg med tilsvarande infeksjonar i sjukeheimar eller andre institusjonar for eldre eller vaksne. Til liks med luftvegsinfeksjonar er omgangssjuke vanlegast i vinter- og vårmånadene. For dei minste barna kan omgangssjuke føre til dehydrering som krev behandling i sjukehus.

Barnesjukdommar

Barnesjukdommar er eit samleomgrep for infeksjonssjukdommar som ofte kjem i barneåra, som vasskoppar, raude hundar, meslingar eller kusma. Barnesjukdommar gir ofte utslett, men kan òg medføre andre plager. Alle barn som bur eller oppheld seg i Noreg, får tilbod om vaksinar gjennom vaksinasjonsprogrammet, og dei fleste av oss er derfor godt verna mot barnesjukdommar som kan gi alvorlege følgeskadar.

Ikkje-smittsame sjukdommar

Astma, allergi og atopisk eksem

Mange barn i førskulealderen har forbigåande astmaliknande symptom, men dei "veks av seg" plagene og utviklar ikkje astma. Vi finn ofte allergi og atopisk eksem saman med astma. Den vanlegaste forma for luftvegsallergi er høysnue, det er som oftast utløyst av pollen og gir symptom frå nasen. Fordi årsakene til astma og allergiske sjukdommar for det meste er ukjende, er det vanskeleg å førebygge desse plagene.

Mage- og tarmsjukdommar

Forstopping er ei vanleg plage hos opptil ti prosent av barn i Noreg, men for dei fleste kan dette bli behandla og førebygd ved hjelp av kosthald og medikament som mjukar avføringa. Magesmerter er òg vanleg blant barn, men i dei fleste tilfelle er det inga kjend årsak, og plagene går over utan medisinsk behandling.

Cøliaki er ein sjukdom som medfører ein reaksjon frå immunsystemet fordi personen ikkje toler gluten, som finst i kveite og enkelte andre kornslag. Cøliaki rammar omtrent ein prosent av norske barn, men plagene kan unngåast ved å halde seg til glutenfritt kosthald.

Inflammatoriske tarmsjukdommar som forårsakar betennelsestilstandar i slimhinna i mage- og tarmsystemet, er kroniske sjukdommar som gjerne kjem til syne i tenåra eller blant unge vaksne. Desse tilstandane må som regel bli behandla med medisinar resten av livet, og i kompliserte tilfelle er det nødvendig med kirurgisk behandling.

Diabetes

95 prosent av alle barn og ungdommar som blir ramma av diabetes, får diabetes type 1, som blir rekna som ein autoimmun sjukdom. I motsetning til diabetes type 2 som til ein viss grad kan regulerast med kosthald og aktivitet, medfører diabetes type 1 behov for insulintilførsel resten av livet fordi insulinproduksjonen i bukspyttkjertelen sviktar.

Barn måler blodsukker på armen sin. Foto.

Kreft

Kvart år er det omtrent 200 norske barn og unge under 18 år som får ein kreftdiagnose, og dette utgjer under ein prosent av alle nye krefttilfelle. Blodkreft (leukemi), svulstar i sentralnervesystemet og lymfekreft er dei vanlegaste kreftformene for barn. Takka vere moderne diagnostikk og behandling er overlevinga for barnekreft rundt 85 prosent, og dette fører til at det er mange som lever med seinfølger etter kreftbehandling.

Epilepsi

Av nevrologiske sjukdommar er epilepsi vanlegast blant barn. Mange barn har ei form for epilepsi som forsvinn når dei blir eldre, men andre må leve med sjukdommen heile livet. Barn med epilepsi har betydeleg auka risiko for tilleggslidingar, både fysiske sjukdommar, utviklingsforstyrringar og psykiske lidingar.

Cerebral parese

Cerebral parese (CP) er den viktigaste årsaka til fysiske handikap hos barn og kjem av skade på hjernen i fosterlivet, under fødsel eller i spedbarnsalder. Alvorsgraden kan variere frå lett redusert rørsle til alvorleg rørslehemming og omfattande pleiebehov. Barn med alvorleg grad av CP har ofte andre komplikasjonar i tillegg, som òg kjem av hjerneskaden. I seinare år har talet på tilfelle av CP i Europa gått ned, og dette er på grunn av forbetringar i svangerskaps- og fødselsomsorga.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du som helsefagarbeidar spreie kunnskap om førebygging av infeksjonssjukdommar blant barn?

  2. Kva trur du kan vere årsaker til at Noreg saman med Sverige og Finland er blant landa med høgast førekomst av diabetes blant barn?

  3. Diskuter med ein medelev og i klassen: Kvifor er det viktig at småbarnsforeldre har tillit til barnevaksinasjonsprogrammet?

Kjelder

Helsenorge. (u.å.). Barnesykdommer og vanlige plager hos barn. Hentet 2. januar 2023. https://www.helsenorge.no/sykdom/barn/

Surén, P. m.fl. (2022, 3. juni). Folkehelserapporten. Barn og unges fysiske helse. https://www.fhi.no/he/folkehelserapporten/grupper/barn-fysisk-helse/?term=#livsstil-og-risikofaktorer-hos-barn-og-unge

Relatert innhald

Kva er eigentleg cøliaki, og kva må du ta omsyn til når du skal lage eller servere mat til personar som har denne sjukdommen?

Å leve med diabetes medfører ein kvardag med betydeleg større behov for planlegging og struktur enn for personar utan diabetes.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2024

Læringsressursar

Helseutfordringar hos barn og unge