Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjukepleie ved diabetes

Å leve med diabetes inneber ein kvardag med større behov for planlegging og struktur enn for personar som ikkje har diabetes. Ifølge forskarar ved Stanford University tek ein person med diabetes type 1 rundt 180 helserelaterte avgjerder i løpet av ein dag som friske menneske slepp å tenke på.

I arbeidet som helsefagarbeidar vil du møte brukarar og pasientar både med både diabetes type 1 og med diabetes type 2. Sidan 90 prosent av alle med diabetes har type 2, vil du sannsynlegvis møte flest personar med denne forma for diabetes.

Blodsukkerkontroll

God blodsukkerkontroll er nødvendig for å førebygge både akutte komplikasjonar og seinkomplikasjonar av diabetes. Hyppig blodsukkermåling har derfor avgjerande betydning for diabetikarar som bruker insulin for å unngå både hypo- og hyperglykemi.

For dei fleste med diabetes type 1 er det vanleg å måle blodsukker 3–6 gonger. Kontinuerleg vevsglukosemåling med ein sensor som ligg under huda vil gi eit meir heilskapleg bilete av blodsukkernivået over tid, og ein slepp å stikke seg i fingeren mange gonger om dagen.

For personar med diabetes type 2 held det ofte å måle ein til to gonger dagleg eller endå sjeldnare, det avheng av kor stabilt blodsukkeret er, og om behandlinga inkluderer medikament.

Aktivitet og kvile

For personar med diabetes er aktivitet ein viktig del av behandlinga for å førebygge komplikasjonar, både akutte og seinkomplikasjonar. Ved diabetes type 2 er dessutan kosthald og fysisk aktivitet som gir vektreduksjon, den viktigaste behandlinga. I tillegg viser forsking at insulinsensibiliteten blir betra ved både styrke- og uthaldstrening, med andre ord at insulinet verkar betre og blodsukkeret går ned dersom du er fysisk aktiv. Vektreduksjon og fysisk aktivitet kan dermed føre til at diabetes type 2 går tilbake og forsvinn, og det kan førebygge utviklinga frå prediabetes til diabetes.

For å halde blodsukkernivået stabilt er det viktig med balanse mellom matinntak, fysisk aktivitet og insulin, som illustrasjonen under viser. Dersom ein person med diabetes ein dag har eit betydeleg høgare aktivitetsnivå enn vanleg, må matinntaket aukast eller insulinmengda reduserast. Tilsvarande må aktivitetsnivået og insulinmengda bli auka dersom matinntaket er betydeleg høgare enn vanleg, og redusert ved lågare matinntak enn normalt. Lågt aktivitetsnivå medfører at matinntaket kan reduserast, eller så må insulindosen aukast. Andre faktorar som stress, febersjukdom og alkoholinntak kan òg påverke glukosenivået i blodet.

Ernæring

For å ha ei best mogleg regulering av blodsukkeret bør matinntaket vere regelmessig og fordelast på fleire mindre måltid i løpet av dagen. Menneske med diabetes er tilrådd å følge kostråda frå helsestyresmaktene. Kort sagt vil det seie nøkkelrådskost med mykje grønsaker, grove kornprodukt og fisk, magre meieriprodukt og avgrensa mengder tilarbeidd kjøtt, raudt kjøtt, salt og sukker. I artikkelen "Kost ved diabetes" kan du lese meir om dette.

Alkoholinntak

Det er viktig at du som helsefagarbeidar veit korleis inntak av alkohol påverkar blodsukkernivået slik at du rettleie brukarar og pårørande. Når ein person med diabetes drikk alkohol, stig blodsukkeret, men etterpå vil det søkke fordi levra blir oppteken med å bryte ned alkoholen i staden for å frigjere glukose. Dersom personen i tillegg er meir fysisk aktiv enn vanleg, til dømes dansar på fest, vil blodsukkeret søkke ytterlegare.

Det er derfor av avgjerande betydning at du informerer brukarar eller pasientar med diabetes om kor viktig der er å måle blodsukkeret oftare enn vanleg dersom dei drikk alkohol, og å ete godt før dei legg seg viss blodsukkeret er fallande. Dersom ein diabetikar får føling i søvne, er det ikkje så lett å merke symptoma, og det kan få fatale konsekvensar.

Personleg hygiene

Brukarar med diabetes er meir utsette for både urinvegsinfeksjonar og sårinfeksjonar, så det er viktig at du som helsefagarbeidar bidreg med hjelp til personleg hygiene dersom det er behov for det. Sidan diabetes ofte fører til redusert sirkulasjon og nedsett sensibilitet i beina, er det viktig å observere beina med tanke på byrjande fotsår, og legge til rette for jamleg behandling hos fotterapeut for å førebygge dette.

Psykiske behov

Diabetes type 1 er ein kronisk sjukdom som krev insulinbehandling resten av livet, og for mange er det ei stor påkjenning å få denne diagnosen. Både i ungdomstida og i andre periodar i livet kan det vere utfordrande å leve så regelmessig at blodsukkernivået blir halde stabilt, og dette kan medføre episodar med alvorleg hypoglykemi (lågt blodsukker) eller hyperglykemi (høgt blodsukker). For personar som får diagnosen diabetes type 2, kan kjenslene svinge frå motivasjon til å meistre sjukdommen gjennom livsstilsendringar til skuldkjensle, skam og håpløyse for at ein ikkje klarte å unngå sjukdommen.

Det er viktig at du som helsefagarbeidar støttar brukarar med diabetes, og motiverer dei til å følge både kosthalds- og livsstilsråd som førebygger komplikasjonar og forverring av tilstanden.

Observasjonar og dokumentasjon

Som helsefagarbeidar kan det vere oppgåva di å hjelpe brukarar med blodsukkermåling til faste tider og dokumentere både blodsukkerverdi og eventuell insulindose. Dersom brukaren har feber eller det av andre grunnar er endringar i blodsukkernivået, kan det for ein periode vere nødvendig med hyppigare målingar enn vanleg. Det er di plikt å dokumentere og rapportere slike endringar.

Som helsefagarbeidar må du observere om brukaren følger råda om kosthald og levevanar for personar med diabetes, og du må rettleie i om dette dersom det er behov for det. Du må òg sjå etter teikn på forverring av sjukdommen eller symptom på for lågt eller for høgt blodsukker, i tillegg til teikn på seinkomplikasjonar som nerveskadar, tendens til fotsår, dårleg sirkulasjon, infeksjonar eller nedsett syn.

Utfordringar til deg

  1. Kva tenker du kan vere døme på problemstillingar som personar med diabetes må ta omsyn til, men som friske menneske slepp å tenke på?

  2. Kvifor trur du ungdomstida er ei ekstra utfordrande tid for personar med diabetes?

  3. Kvifor det viktig å dokumentere og rapportere endringar i blodsukkernivå?

  4. Kva kan du gjere dersom du møter ein brukar med diabetes som ikkje ønsker å følge råda om kosthald og fysisk aktivitet?

Kjelder

Hjartåker, A., Pedersen, J. I, Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggende ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

Norsk Helseinformatikk. (2021, 19. juli). Diabetes og alkohol. https://nhi.no/sykdommer/hormoner-og-naring/diabetes-generelt/diabetes-og-alkohol/

Relatert innhald

Fagstoff
Lågt og høgt blodsukker

Menneske med diabetes er utsette for to ulike akutte tilstandar som krev riktig førstehjelp.

Fagstoff
Måling av blodsukker

Vi måler blodsukker for å sjekke om det er for høgt eller lågt. God teknikk er avgjerande for å unngå smerter og for å oppnå korrekt resultat.