Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Korleis påverkar matinntak blodsukkernivået?

Blodsukkernivået varierer meir eller mindre i løpet av ein dag, avhengig av faktorar som matinntak, fysisk aktivitet og utskiljing av hormona insulin og glukagon.
Ungdommar et saman i ei kantine. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Målet med denne oppgåva er å finne ut korleis blodsukkernivået endrar seg når vi et.

  1. Del klassen inn i grupper. Kvar gruppe skal ete ulike typar matvarer. De kan ta utgangspunkt i forslaga under eller komponere eigne og ulike typar menyar.

  2. Lag ein tabell for å registrere tidspunktet for inntak av mat og måling av blodsukkernivået med jamne mellomrom. Døme på tidsintervall er 0, 15, 30, 45, 60 og 120 minutt etter matinntaket.

  3. Teikn ei blodsukkerkurve med tid på x-aksen og blodsukkernivå i mmol/l på y-aksen.

  4. Presenter resultata i klassen, og diskuter kva kosthaldet har å seie for blodsukkernivået og helsa.

Menyforslag

  • éin tallerken honnikorn, cornflakes, puffa ris eller tilsvarande
  • éin tallerken havregryn eller frukostblanding med låg glykemisk indeks
  • éi eller to skiver grovt brød med skinke eller egg
  • éi eller to skiver loff med syltetøy, sjokoladepålegg eller tilsvarande søtt pålegg

Server alle menyane med lettmjølk.

Relatert innhald

Menneske med diabetes bør følge kostråda frå helsestyresmaktene. Målet er å regulere blodsukkeret slik at det verken blir for høgt eller for lågt.

CC BY-SASkrive av Wenche Heir og Marit Smith Sørhøy.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Forstyrringar i hormonsystemet