Kost ved diabetes
Når vi et mat med mykje sukker eller stivelse, blir karbohydrata spalta til glukose i tarmen. Derfrå transporterer blodet glukosen til cellene. Oppgåva til insulinet er å hjelpe til med å få glukosen inn i cellene slik at energien frå glukosen kan brukast av kroppen.
Når insulinet ikkje verkar godt nok eller det er mangel på insulin, tek ikkje cellene opp glukosen, og dette fører til forhøgd nivå av sukker i blodet. Høgt blodsukker over lang tid kan føre til ei rekke alvorlege sjukdommar, inkludert hjarte- og karsjukdommar og nerveskadar.
Ulike typar diabetes
Diabetes type 1 inneber at det ikkje blir produsert insulin i kroppen, og dette må derfor tilførast gjennom sprøyter eller pumpe.
Diabetes type 2 inneber at insulinproduksjonen er redusert, eller at kroppen ikkje lenger reagerer godt nok på insulinet som blir produsert i bukspyttkjertelen (insulinresistens). Nesten 90 prosent av personane med diabetes har type 2.
I tillegg til diabetes type 1 og 2 finst det svangerskapsdiabetes og nokre sjeldne diabetestypar som er forårsaka av genmutasjonar.
Behandlinga av diabetes type 1 inneber alltid tilførsel av insulin, men for diabetes type 2 og svangerskapsdiabetes kan kosthalds- og livsstilsendringar i kombinasjon med auka aktivitetsnivå og vektreduksjon førebygge og/eller forseinke behovet for medikamentell behandling.
Det er tilrådd at menneske med diabetes følger kostråda frå helsestyresmaktene. Kort sagt vil det seie nøkkelrådskost med mykje grønsaker, grove kornprodukt og fisk, magre meieriprodukt og avgrensa mengder omarbeidd kjøtt, raudt kjøtt, salt og sukker. Korleis blodsukkeret blir påverka av ulik mat, varierer frå person til person, så det må derfor takast individuelle vurderingar.
Konkrete råd
Avgrens inntaket av mat og drikke med mykje sukker.
Avgrens inntaket av fruktsukker. Frukt og bær inngår i eit sunt kosthald, men fruktsukker gir blodsukkerstigning, og derfor må ein person med diabetes ete frukt og bær med måte. Det er ein fordel å velje heil frukt framfor jus, fordi det i jusen er eit høgare energiinnhald per 100 gram og mindre kostfiber enn i heil frukt.
Byt gjerne ut matvarer med mykje stivelse, som poteter, ris og pasta, med rotvekstar og belgvekstar.
Vel grove kornprodukt, men pass på det totale inntaket av karbohydrat. Sammale mjøl og fullkorn bidreg òg til stigning i blodsukkeret.
Ver ekstra forsiktig ved inntak av alkohol. Alkoholhaldig drikke kan i kombinasjon med blodsukkersenkande tablettar og/eller insulin gi lågt blodsukker. I tillegg hemmar alkohol kroppen sin eigen glukoseproduksjon som er aktiv om natta, og det er derfor større fare for føling (at blodsukkeret blir for lågt). Rus kan dessutan forvekslast med føling, og det er derfor vanskelegare å oppfatte følingssymptom i alkoholpåverka tilstand.
For å regulere blodsukkeret best mogleg er det viktig med regelmessige måltid og gjerne fleire mindre måltid fordelte utover dagen. Dette gjer det enklare å halde blodsukkernivået stabilt.
Det er først og fremst innhaldet av karbohydrat i kosten som får blodsukkeret til å stige. Karbohydratrike matvarer som inneheld mykje stivelse og enkle sukkerartar, bør bytast ut med fullkornsprodukt og andre matvarer med langsame karbohydrat som gir ei langsamare blodsukkerstigning. Inntaket av reint sukker bør avgrensast og eventuelt bli erstatta med kunstige søtingsmiddel.
Kor mykje blodsukkeret stig, er òg avhengig av kor store mengder av matvara som blir eten, og korleis måltidet elles er sett saman av fiber, protein og feitt. Tallerkenmodellen er eit godt hjelpemiddel for korleis måltidet bør setjast saman.
Utfordringar til deg
Kva kan vere årsaka til at diabetes type 2 ofte blir kalla ein livsstilssjukdom?
Korleis kan kosthaldet redusere risikoen for seinkomplikasjonar ved diabetes?
Kvifor er det viktig med regelmessige måltid for personar med diabetes?
Relatert innhald
Menneske med diabetes er utsette for to ulike akutte tilstandar som krev riktig førstehjelp.
Både for høgt og for lågt blodsukker kan vere livstrugande. Ved at du er kjend med symptom, kan du raskare setje i verk korrekte tiltak.