Hopp til innhald

Fagstoff

Energi- og næringstett kost

Energi- og næringstett kost blir saman med nøkkelrådskost rekna som ein av to standardkostar i institusjonar og heimetenesta. Han er basert på nøkkelrådskosten, men skal ha eit høgare energiinnhald, samtidig som porsjonen skal vere liten.

Kostregistrering, gjerne ved hjelp av Kostholdplanleggeren, kan vere eit godt hjelpemiddel for å sikre at pasientane (eller bebuarane) får i seg nok mat. Mellommåltid er ofte naudsynt for få dekt energibehovet deira.

Kven bør få denne kosten?

  • personar som har dårleg ernæringsstatus, til dømes kreftpasientar
  • personar med tyggje- og svelgjevanskar
  • hjarte- og lungepasientar
  • personar med funksjonshemming
  • pasientar som har store sår, til dømes brannsår, og må ha ekstra tilskot av protein og energi
  • dei som et for lite og ikkje klarer å halde oppe vekta
  • personar som har langvarig sjukdom
  • personar med akutte sjukdomstilstandar
  • eldre
  • demente

Energifordeling

Energi- og næringstett kost skal ha ein høgare feitt- og proteinprosent enn nøkkelrådskost. Proteininnhaldet bør vere 15–20 prosent, og feittinnhaldet bør liggje mellom 35 og 40 prosent. Størstedelen av feittauken bør kome frå umetta feitt. Karbohydratinnhaldet i denne kosten bør liggje på 40–50 prosent. Ved å redusere karbohydratnivået vil òg volumet på måltidet gå ned, og maten vil dermed få eit høgare innhald av næringsstoff. Vitamin og mineralstoff bør liggje på anbefalt mengd.

Eit stykke med eplekake pent lagt opp med krem på toppen og raud bærsaus rundt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelde


Helsedirektoratet. (2016, 22. desember). Energi- og næringstett kost er beregnet til personer med dårlig matlyst. https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/ernaering-kosthold-og-maltider-i-helse-og-omsorgstjenesten/standardkost-i-helseinstitusjoner/energi-og-naeringstett-kost-er-beregnet-til-personer-med-darlig-matlyst

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 16.06.2022

Læringsressursar

Kosthald ved ulike diagnosar og tilstandar