Flytande kost
- pasientar som har innsnevringar eller tronge parti i matrøyret
- pasientar som gjennomfører mage- og tarmundersøkingar
- pasientar som har vore gjennom operasjonar
- pasientar med kjevelås
- pasientar med tyggeproblem
pasientar med sårheit i munnhòle og svelg
Det trengst planlegging for at den flytande kosten skal bli så appetittvekkande og varierte som mogleg. I tillegg skal flytande kost innehalde tilstrekkeleg med energi (kaloriar) og næringsstoff. For å få til dette er det viktig med fleire mellommåltid i tillegg til dei vanlege måltida. Det er viktig at måltida består av fleire supper og drikker.
Flytande kost må vere heilt fri for klumpar slik at han kan etast med sugerøyr. Bruk derfor stavmiksar eller hurtigmiksar under tillaging.
All mat som blir nytta til flytande kost, kan gjerast meir energirik med energihaldig pulver. Som eit alternativ kan ein òg gi pasienten eit supplement med næringsdrikker. Desse kan vi lage sjølve eller kjøpe ferdige. Dette er særleg viktig viss pasienten lir av stort vekttap. Vi kan òg gjere maten meir energirik med ekstra fløyte, rømme, smør eller egg.
I tabellen under ser du korleis ein variert og næringsrik dagsmeny kan sjå ut.
Menyforslag | |
---|---|
Frukost |
|
Mellommåltid |
|
Lunsj |
|
Mellommåltid |
|
Middag |
|
Kaffi/te |
|
Kvelds |
|
Sein kvelds |
|