Førebygging av diabetes type 2
Sjå filmen som inspirasjon før de startar på oppgåvene.
Kvifor er det viktig å motivere ungdom til ein livsstil som førebygger diabetes?
Kva for nokre konkrete førebyggande tiltak mot diabetes vil du tilrå for ungdom i aldersgruppa di?
Kva kan vere utfordringane med å få ungdommar til å følge råd om kosthald og livsstil for å førebygge diabetes og andre livsstilssjukdommar?
Filmen skal gi sjåarane auka kunnskap om diabetes, men hovudformålet er å skape motivasjon til å innføre levevanar som førebygger sjukdommen. Filmen kan visast i vg1-klassene på helse- og oppvekstfag, vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag og andre klassar på skulen, og det er viktig at de tenker på korleis de skal få fram bodskapen på ein måte som fenger målgruppa.
Filmen bør vare mellom tre og fem minutt og innehalde informasjon om
oppgåva til insulinet
kva diabetes er
forskjellen på diabetes type 1 og type 2
regulering av blodsukker
behandling
konkrete råd om tiltak for å førebygge diabetes type 2
Lag eit digitalt spørjeskjema for å undersøke i kor stor grad filmen dykkar motiverer til livsstilsendringar. Det kan vere lurt å ha med spørsmål om eigenvurdering av eigen livsstil og helsetilstand, og om det er nokre av forslaga dykkar dei vil innføre i sin eigen kvardag.
Kvar gruppe går på besøk i ein eller fleire klassar etter avtale med lærarane. Vis fram filmen dykkar og be dei svare på spørsmåla etterpå.
Samanfatt svara i gruppa, og lag eit notat som samanfattar svara de fekk.
Refleksjon i gruppa.
I kor stor grad klarte de å motivere elevane til livsstilsendringar?
Er det nokon av svara som overraskar dykk? Grunngi.
Kva har de sjølve lært av denne oppgåva?
Kvar gruppe presenterer funna sine i klassen for felles diskusjon og refleksjon.
Relatert innhald
Menneske med diabetes bør følge kostråda frå helsestyresmaktene. Målet er å regulere blodsukkeret slik at det verken blir for høgt eller for lågt.