Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva kan du om diabetes?

Det er to hovudtypar av diabetes mellitus. Felles for begge typane er at sukkerinnhaldet i blodet er høgare enn normalt. Diabetes type 1 krev at ein tilfører kroppen insulin, mens diabetes type 2 vanlegvis kan regulerast med kosthald og aktivitet.
Nærbilete av at ein person stikk seg i fingeren for å testing blodsukkeret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I denne oppgåva kan de lære meir om diabetes, og kva det inneber å leve med sjukdommen.

  1. Kva er diabetes? Forklar med eigne ord.
  2. Kva er dei viktigaste forskjellane på diabetes type 1 og diabetes type 2?
  3. Kvifor må menneske med diabetes type 1 ha insulin rett inn i kroppen (injeksjonar)?
  4. Forklar korleis mat, insulin og aktivitet verkar inn på blodsukkernivået i kroppen.
  5. Hypoglykemi eller føling.

    1. Kva er føling?

    2. Kva er årsakene til føling?

    3. Kva symptom har ein diabetikar som får føling?

    4. Kva er rett førstehjelp ved føling?

  6. Hyperglykemi.

    1. Kva er hyperglykemi?

    2. Kva er årsakene til hyperglykemi?

    3. Kva symptom har ein diabetikar som får hyperglykemi?

    4. Kva er rett førstehjelp ved hyperglykemi?

    5. Kva er diabetisk koma, og korleis blir denne tilstanden behandla?

  7. Kva seinkomplikasjonar kan oppstå dersom diabetes ikkje blir riktig behandla?

  8. Forklar korleis vi kan behandle diabetes type 1 og diabetes type 2.

  9. Forklar korleis alkohol kan verke på ein person som har diabetes.

Gruppeoppgåver

  1. Som helsefagarbeidar skal de observere og rapportere symptom som kan tyde på at ein pasient har uoppdaga diabetes. Forklar kva symptom de bør rapportere.

  2. Kva slags mat vil der tilrå til ein diabetikar? Lag eit forslag til ein vekemeny. Grunngi forslaga dykkar.

  3. Kva råd vil de gi til ein ungdom med diabetes som skal feire russetid denne våren, og korleis vil de motivere ungdommen til å følge desse råda? Lag ein kort filmsnutt berekna for sosiale medium.

Relatert innhald

Menneske med diabetes bør følge kostråda frå helsestyresmaktene. Målet er å regulere blodsukkeret slik at det verken blir for høgt eller for lågt.

CC BY-SASkrive av Guri Bente Hårberg, Trine Merethe Paulsen, Birgit Flaten og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Forstyrringar i hormonsystemet