Hopp til innhald

Fagstoff

Diabetes mellitus

Talet på personar i Noreg som har fått diagnosen diabetes, har nærast dobla seg dei siste 20 åra. Folkehelseinstituttet anslår at opptil 345 000 nordmenn har diabetes, og at kanskje så mange som 60 000 ikkje sjølve er klar over at dei har sjukdommen.
Helsearbeidar med eingongshanskar viser fram eit apparat for blodsukkermåling og held handa til ein person der det er ein bloddrope på ein finger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diabetes er ein alvorleg sjukdom i seg sjølv med risiko for både akutte komplikasjonar og seinkomplikasjonar dersom ikkje oppfølginga og behandlinga er tilstrekkeleg. I tillegg medfører diabetes auka risiko for andre helseplager som hjarte- og karsjukdommar, kreft og alvorlegare forløp ved infeksjonssjukdommar som covid-19.

Regulering av blodsukkeret

Når vi et, blir næringsstoffa feitt, protein og karbohydrat i maten spalta til mindre molekyl slik at cellene i kroppen blir tilført energi. Karbohydrat, særleg dei raske karbohydrata, blir mellom anna spalta til glukose, og dette gjer at konsentrasjonen av glukose i blodet aukar. For å unngå at nivået av glukose i blodet (blodsukkeret) blir for høgt, skil bukspyttkjertelen ut insulin slik at cellene i lever, musklar og feittvev raskt kan ta opp glukosen slik at blodsukkeret går ned.

Overskotet av glukose blir lagra i levra som glykogen. Når insulinkonsentrasjonen i blodet går ned etter at eit måltid er ferdig fordøydd, stimulerer hormonet glukagon levra til å frigjere glukose ut i blodbanen for å auke blodsukkeret. På same måte som insulin hindrar at blodsukkeret blir for høgt, sørger glukagon for at det ikkje blir for lågt.

Store svingingar i blodsukkernivået kan vere skadeleg for kroppen, men hos ein frisk person sørger reguleringsmekanismane for at nivået blir halde på eit stabilt nivå rundt 5 mmol/l. Hos ein person med diabetes og mangelfull insulinproduksjon verkar ikkje desse mekanismane, og eit måltid rikt på karbohydrat kan føre til at blodsukkerverdiane stig til 25–30 mmol/l eller høgare samtidig som cellene "svelt" fordi dei ikkje får tilført tilstrekkeleg næring.

Illustrasjon som viser korleis lever og bukspyttkjertel bidreg til å regulere blodsukkeret i kroppen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tenk over

Har du nokon gong opplevd sjølv eller høyrt venner som ikkje har diabetes, si at dei har lågt blodsukker og "må ha mat NO MED DET SAME!"? Kva symptom opplevde du eller dei då?

Ulike former for diabetes

Diabetes blir delt inn i to hovudgrupper:

  • Diabetes type 1 er ein autoimmun sjukdom som oftast oppstår i ung alder. Ved denne forma for diabetes stansar insulinproduksjonen i bukspyttkjertelen, og personar som blir ramma, er avhengige av insulintilførsel. Diabetes type 1 kan òg oppstå hos vaksne, men har då ofte ei meir gradvis utvikling. Denne diabetesforma blir kalla "latent autoimmune diabetes in adults" (LADA).

  • Diabetes type 2 er ein sjukdom der førekomsten aukar kraftig med aukande alder. Omtrent 90 prosent av alle med diabetes har denne forma, og det blir rekna som ein livsstilssjukdom sjølv om arv gi auka risiko.

I tillegg til diabetes type 1 og type 2 finst det ein tredje diabetestype, nemleg svangerskapsdiabetes. Dette er ein tilstand som kan oppstå i samband med graviditet. Det finst òg nokre sjeldnare former for diabetes som vi ikkje går nærare inn på her.

Symptom på diabetes

Symptom ved betydeleg forhøgd blodsukker er hyppig vasslating, tørste, vekttap og nedsett allmenntilstand. Synsforstyrringar, trøyttleik, auka infeksjonstendens og manglande tilheiling av fotsår kan òg vere teikn på diabetes. Ved ubehandla insulinmangel kan ein utvikle diabetisk ketoacidose (syreforgifting) som krev omgåande sjukehusbehandling. Viss blodsukkeret berre er lett forhøgt, som ved diabetes type 2 i tidleg fase, har ein oftast ingen symptom.

Diagnose

For å stille diagnose blir det teke blodprøver for å måle gjennomsnittsblodsukkeret dei siste fire til tolv vekene. Ein gjennomsnittleg verdi på 48 mmol/mol eller meir betyr at ein har diabetes. Dersom det blir påvist diabetes, vil det bli teke fleire blodprøver for å finne ut kva type det dreier seg om.

Førebygging

Diabetes type 2 blir rekna som ein livsstilssjukdom som kan førebyggast ved å vere fysisk aktiv, ha eit sunt kosthald, unngå overvekt og ikkje røyke. Diabetes type 1 er som tidlegare nemnt ein autoimmun sjukdom, og det er førebels ingen kjende tiltak for å førebygge sjukdommen.

Prediabetes er ein tilstand med forhøgd langtidsblodsukker, men verdiane er ikkje tilstrekkeleg høge til å oppfylle kriteria for diabetes type 2. For personar i denne gruppa er det mogleg å førebygge utviklinga til diabetes dersom dei endrar kosthald, går ned i vekt viss dei er overvektige, aukar aktivitetsnivået og sluttar å røyke.

Behandling

Diabetes type 1 blir behandla med tilførsel av insulin, og denne behandlinga er livsvarig. Insulinmengda må tilpassast aktivitetsnivået og matinntaket til den enkelte, og blodsukkermåling er derfor eit viktig verktøy for å sikre korrekt dosering.

Diabetes type 2 blir behandla med livsstilstiltak som auka aktivitetsnivå, kosthaldsendringar, vektreduksjon ved overvekt og røykeslutt. Dersom livsstilsendringar ikkje blir gjennomførte eller ikkje er tilstrekkeleg for å regulere blodsukkernivået, kan det vere nødvendig med tablettar som senkar blodsukkeret. I nokre tilfelle er det nødvendig med insulinbehandling ved diabetes type 2.

Sårstell av tær med svart farge på grunn av gangren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komplikasjonar ved diabetes

Store svingingar i blodsukkernivået medfører auka risiko for seinkomplikasjonar, så behandlinga av diabetes handlar om å regulere blodsukkeret så godt at ein unngår både akutte komplikasjonar og seinskadar.

Akutte komplikasjonar

Akutte komplikasjonar er mest vanleg hos personar med diabetes type 1. Det er to typar komplikasjonar:

  • lågt blodsukker (hypoglykemi). Hypoglykemi eller føling oppstår som regel dersom insulininntaket har vore for høgt i forhold til matinntaket eller aktivitetsnivået.

  • høgt blodsukker (hyperglykemi) kjem oftast av for lågt insulininntak i forhold til matinntak og aktivitetsnivå

I artikkelen "Lågt og høgt blodsukker" kan du sjå filmar og lese meir om symptom og behandling ved lågt og høgt blodsukker.

Seinkomplikasjonar

Svangerskapsdiabetes gir auka risiko for komplikasjonar i svangerskapet for både mor og barn. Personar med diabetes type 1 og type 2 har auka dødelegheit samanlikna med befolkninga elles, og dei har risiko for seinkomplikasjonar i hjarte- og karsystemet, nyrer, auge og nervar. Vanlege seinkomplikasjonar inkluderer

  • diabetisk netthinnesjukdom (retinopati) som kan føre til nedsett syn

  • diabetisk nyresjukdom (nefropati) som kan føre til nyresvikt

  • diabetisk nervesjukdom (polynevropati) som fører til nedsett kjensle, smerter og nedsett motorisk funksjon i ulike organ

  • auka risiko for koronar hjartesjukdom, hjerneslag og nedsett blodsirkulasjon

  • høg risiko for fot- og leggsår på grunn av kombinasjonen av nervesjukdom og nedsett sirkulasjon. Personar med diabetes kan få sår utan at dei merkar det, på grunn av polybevropati. Nedsett sirkulasjon i beina gjer tilheilinga langsam og kan medføre amputasjon.

  • auka infeksjonstendens på grunn av høgt blodsukker

Førebygging av seinkomplikasjonar ved diabetes handlar i hovudsak om god blodsukkerregulering, sunt kosthald og fysisk aktivitet.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaker til at talet på personar med diabetes er fordobla dei siste 20 åra?

  2. Kva utfordringar medfører auken i personar med diabetes for folkehelsa og helsetenestetilbodet i Noreg?

  3. Kva trur du kan vere årsaka til at mange med auka risiko for diabetes type 2 ikkje greier å endre levevanane sine?

  4. Korleis kan du motivere brukarar til livsstilsendringar som førebygger utvikling og forverring av diabetes type 2?

Kjelder

Folkehelseinstituttet. (2020, 13. november). Nye tall om hvor mange som har diabetes i Norge. https://www.fhi.no/nyheter/2020/nye-tall-om-hvor-mange-som-har-diabetes-i-norge/

Nicolaysen, G. & Holck, P. (Red.). (2015). Kroppens funksjon og oppbygning (2. utg.). Gyldendal akademisk.

Åsvold, B. O. (2021, 10. desember). Diabetes. https://sml.snl.no/diabetes

Relatert innhald

Menneske med diabetes bør følge kostråda frå helsestyresmaktene. Målet er å regulere blodsukkeret slik at det verken blir for høgt eller for lågt.

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 14.06.2022

Læringsressursar

Forstyrringar i hormonsystemet