Hopp til innhald

Fagstoff

Livsstilsfaktorar hos barn og unge

Sjølv om den fysiske helsa er god blant dei aller fleste barn og unge i Noreg, kan livsstilen i unge år påverke helsa i vaksen alder. Kosthald, fysisk aktivitet, overvekt og fedme, røyking og alkoholbruk i oppveksten kan vere risikofaktorar for helseplager seinare i livet.
Gut med hjelm på hovudet held opp eit rullebrett framfor seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kosthald

Som spedbarn blir dei fleste norske barn amma, og så framt barnet får nok mjølk, er dette tilstrekkeleg næring dei første månadene. Unntaket er vitamin D. I Noreg, særleg på vinterstid, får vi minimalt med vitamin D frå sollys, og fordi morsmjølk inneheld lite vitamin D, blir det tilrådd at spedbarn får tilskot i form av dropar.

Etter kvart har barna det same kosthaldet som resten av familien. Til liks med vaksne er det ønskeleg at barn aukar inntaket av frukt og grønsaker og reduserer inntaket av sukker, salt og metta feitt. I tillegg til at barna lærer om kosthald og måltid heime, er barnehage og skule gode arenaer for å lære barn gode og sunne matvanar i tråd med tilrådingane frå helsestyresmaktene. Mange barn og ungdommar har eit stort energibehov, både på grunn av høg aktivitet og fordi kroppen treng tilstrekkeleg næring for å vekse. Dersom aktivitetsnivået er lågt, blir energibehovet lågare, men det er likevel viktig med eit variert kosthald for at kroppen skal få dei nødvendige næringsstoffa.

Kva blir rekna som eit godt og variert kosthald? Det får du kort oppsummert i denne filmsnutten frå NRK.

Fysisk aktivitet

Fysisk aktivitet er viktig for utviklinga av motoriske ferdigheiter hos barn. Fysisk aktivitet er òg viktig for både fysisk og psykisk helse, og for mange er det ein viktig arena for sosiale opplevingar saman med andre.

Folkehelsemeldinga frå 2022 fastslår at berre 40 prosent av 15-årige jenter og halvparten av 15-årige gutar oppfyller tilrådingane om fysisk aktivitet, og helsestyresmaktene er bekymra for at mange som startar med idrett, fell frå i løpet av oppveksten. Nedgangen i aktivitetsnivå startar allereie i 9-årsalderen, og gutane i 15-årsalder bruker 70 prosent av den vakne tida si i ro. Berre tre av ti vaksne er i nok aktivitet i samsvar med tilrådingane, og i denne aldersgruppa er kvinner litt meir aktive enn menn.

Tenk over

Kva kan vere årsaker til at tida barn og ungdom sit stilt i løpet av dagen, har auka med 20–30 minutt dei siste 15 åra?

Overvekt og fedme

Mellom 15 og 21 prosent av norske barn og ungdommar har overvekt eller fedme, og delen er høgast blant dei eldste tenåringane. Studiar viser at faktorar som geografi, altså kvar du bur, og sosial forskjell (familieforhold, foreldras utdanningsnivå og inntekt) påverkar risikoen for overvekt og fedme.

Dei fleste veit at kosthald og fysisk aktivitet er sentralt for å førebygge fysiske helseplager relaterte til overvekt og fedme. I tillegg medfører overvekt ofte psykiske plager som følge av korleis personen opplever å bli sett på av andre, og eige sjølvbilete. Førebyggande tiltak mot overvekt og fedme blant barn og unge er derfor sentralt for folkehelsa.

Tobakk

Sidan røykelova vart innført i Noreg i 2004, har det vore ein markant nedgang i talet på røykarar, særleg blant unge. Når det gjeld snusbruk, har det auka blant vaksne og vore stabilt høgt hos unge. I tillegg har innføring av elektroniske sigarettar ført til bekymring hos helsestyresmaktene.

Folkehelsemeldinga frå 2022 seier at regjeringa har ein visjon om eit tobakksfritt samfunn på sikt, og at dei vil legge til rette for at alle fødde i 2010 eller seinare skal tilhøyre ein tobakksfri generasjon.

Alkoholbruk

Alkohol er ifølge FHI (2022) det mest utbreidde rusmiddelet i samfunnet. For mange høyrer det med i ulike sosiale samanhengar, men alkoholbruk er òg ei årsak til problem både for den enkelte og for folkehelsa.

Dei siste 30 åra har det vore ein stor nedgang i alkoholforbruket blant norske ungdommar, og i forhold til blant ungdommar i andre europeiske land er alkoholforbruket lågt. I Noreg har vi ein restriktiv alkoholpolitikk med høge avgifter, strenge restriksjonar på utsals- og skjenkestader, aldersgrenser for kjøp og forbod mot alkoholreklame på tv, og det kan vere ei av årsakene til at alkoholkonsumet vårt er lågare enn i mange andre europeiske land.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan vere årsaka til at norske jenter er i mindre fysisk aktivitet enn norske gutar når norske kvinner er meir aktive enn norske menn?

  2. Korleis kan sosial forskjell påverke risikoen for overvekt og fedme?

  3. Korleis trur du vi kan oppnå målet til regjeringa om ein tobakksfri generasjon?

Kjelder

Hjartåker, A., Pedersen, J. I., Müller, H. & Anderssen, S. A. (2020). Grunnleggende ernæringslære (3. utg.). Gyldendal Akademisk.

Meld. St. 15 (2022–2023). Folkehelsemeldinga— Nasjonal strategi for utjamning av sosiale helseforskjellar. Helse- og omsorgsdepartementet. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/meld.-st.-15-20222023/id2969572/?ch=3#kap4-4-1

Surén, P. m.fl. (2022, 3. juni). Barn og unges fysiske helse. I Folkehelserapporten – Helsetilstanden i Norge. https://www.fhi.no/he/folkehelserapporten/grupper/barn-fysisk-helse/?term=#livsstil-og-risikofaktorer-hos-barn-og-unge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 04.01.2024

Læringsressursar

Helseutfordringar hos barn og unge