Hopp til innhald

Fagstoff

Autismespekterforstyrringar (ASF)

Autismespekterforstyrringar (ASF) er ei gjennomgripande utviklingsforstyrring og ikkje ein sjukdom. Hovudutfordringane dreier seg oftast om sosiale ferdigheiter, språk- og kommunikasjonsproblem og auka grad av eit avgrensa og repeterande mønster av aktivitetar og interesser.

Oppgåver

  1. Kva utviklingsområde blir påverka hos ein person med autismespekterforstyrringar?

  2. Autismespekterforstyrringar (ASF) er ei samlenemning på autisme i ulike variantar og grader. Beskriv variantar av autismespekterforstyrringar og kva grader dei kan delast inn i.

  3. Finn ut kva som er symptom/kjenneteikn på autismespekterforstyrringar.

  4. Ein person med autismespekterforstyrringar kan ofte tolke ord og uttrykk bokstaveleg. Det vil seie at dei forstår ting annleis enn mange andre, og til dømes språklege bilete kan vere vanskelege å forstå. Gå inn på nettsida Absurdgalleriet og sjå om du finn teikningar som beskriv følgande uttrykk:

    • hoppe over middagen

    • leike med maten

    • bein i maten

    • stå over desserten

    • dra damer

    1. Er du medvite på korleis du sjølv bruker språklege bilete, der det du seier, ikkje skal tolkast bokstaveleg?

    2. Korleis trur du kvardagen er for ein person som tolkar ord og uttrykk bokstaveleg?

    3. Kvifor er det nødvendig å vere konkret i samtale med ein person som tolkar ord og uttrykk bokstaveleg?

    4. Kva hjelpemiddel kan du ta i bruk for å konkretisere språket ditt?

  5. Eit kjennetrekk hos ein person med autismespekterforstyrringar er at personen kan reagere veldig sterkt på små endringar i omgivnadene og ha ein rigid motstand mot forandringar. Dette kan medføre kraftige reaksjonar på endringar i planar og gjennomføring.

    1. Korleis vil du som fagarbeidar takle slike situasjonar i ein jobbsamanheng?

    2. Korleis kan du vareta spontaniteten som ofte kjenneteiknar kvardagslivet når du jobbar med ein person med autismespekterforstyrringar?

  6. Korleis bør du jobbe for å skape ein god relasjon til ein person med autismespekterforstyrringar som har svake funksjonar for å tolke sosiale signal?

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2022

Læringsressursar

Helseutfordringar hos barn og unge