Hopp til innhald

Fagstoff

ADHD

ADHD er ei utviklingsforstyrring som kan gi problem i kvardagen, både heime og i barnehage og skule. I denne oppgåva får du moglegheit til å utforske ADHD og korleis du som fagarbeidar kan hjelpe og støtte.

Oppgåver

  1. Kva står bokstavane i ADHD for?

  2. Kva kjenneteikn har ADHD?

  3. Korleis trur du det er å leve med ADHD?

  4. Kor mange barn og unge reknar vi med har ADHD i dag?

  5. Kva behandlingar blir i dag tilbodne til barn og unge med ADHD?

  6. Kvifor er det viktig med tidleg diagnose og hjelp?

  7. "Har du sett ein med ADHD, har du berre sett éin!" Kva betyr det?

  8. I dag er diagnosenemninga på ADHD hyperkinetisk forstyrring. I filmen seier de ADD, dette blir i dag kalla ADHD uoppmerksam presentasjon/type. Kvifor er det slik at denne typen diagnosar har forandra seg gjennom åra?

  9. Det å oppleve meistring og kjenne på meistringskjensle betyr mykje for sjølvtillit og sjølvbilete hos den enkelte. Kva råd og rettleiing vil du gi til ein person med ADHD som har vanskar med å hugse oppgåver, og som står framfor ei stor oppgåve?

  10. Korleis vil du handtere situasjonar der du møter eit barn eller ein ungdom som har ADHD med samspelproblem, og som ofte kjem opp i konfliktar? Skil her mellom barn i barnehagealder og ungdom. Gi døme.

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2022

Læringsressursar

Helseutfordringar hos barn og unge