Ulykker og skadar
En ulykke er en ufrivillig hendelse karakterisert ved en hurtigvirkende kraft eller påvirkning som kan ytre seg i skade på kroppen.
En skade er det konkrete resultatet av en ulykke og skyldes en akutt eller plutselig påvirkning på kroppen av fysiske faktorer (mekanisk energi, varme, elektrisitet osv.) i en mengde eller størrelse som overstiger den menneskelige organismens toleranseevne. Selv om det ikke finnes et presist vitenskapelig skille mellom skade og sykdom, oppstår en skade nesten umiddelbart etter kontakt med den påvirkende faktor.
(Folkehelseinstituttet, 2021)
Les gjennom Folkehelseinstituttets rapport om skadar og ulykker i Noreg og Folkehelseinstituttets rapport om den fysiske helsa til barn og unge. Svar på spørsmåla under.
Sjølv om det har vore ein betydeleg nedgang i dødelegheit som følge av ulykker dei siste tiåra, er skadar og ulykker framleis ei stor utfordring for folkehelsa. Beskriv kva for nokre negative konsekvensar ulykker og skadar kan gi på individ- og samfunnsnivå. Gi døme.
Finn ut kva ulykkestypar som fører til flest dødsfall i Noreg. Lag eit søylediagram som viser den prosentvise delen av alle dødsfall for kvar ulykkestype.
Gi døme på ulike fallulykker og kva skadar dei gir. Kva kan gjerast for å førebygge fallulykker hos barn og unge?
Små barn skader seg heime, på barnehage/skule/SFO og på leikeplassen. Ungdom skader seg ofte i samband med trening og idrett. Beskriv kva ulykker dette er, og kva skadar som oppstår.
Tenk over kva skadar som kan skje i det miljøet du ferdast i. Gi døme på tiltak som er utførte, eller tiltak du meiner burde vore gjennomførte for å unngå skadar og ulykker.
Dei fleste ulykker får ikkje alvorlege konsekvensar. Gjer greie for korleis du opptrer i situasjonen og behandlar følgande hendingar hos barn og unge: skrubbsår, mindre brannsår, mindre kuttskadar, klemming av finger/nagl, naseblod, rusk i auget, gnagsår, forstuing.
Lag ein ulykkesførebyggande kampanje for ungdom. Jobb gjerne i grupper (parvis eller fleire). Fordel dei ulike ulykkestypane som fører til dødsfall (frå spørsmål 2 i del 1), mellom gruppene. Kampanjen kan gjennomførast som standar på skulen. Kvar gruppe skal gi informasjon om korleis førebygge ein type ulykker.
Informasjonen på stand blir presentert i form av
plakat
informasjonshefte
munnleg informasjon om kva som kan førebygge ulykkene
svar på spørsmål frå publikum
Tenk gjennom og diskuter i klassen.
Kva har du lært av dette prosjektet?
Korleis kan du unngå skadar og ulykker i kvardagen og i det framtidige arbeidet ditt?
Kva kan vere til hinder i ulykkesførebyggande arbeid?
Kjenner du deg kompetent til å behandle overflatiske skadar? Kva kan du eventuelt gjere for å bli betre?
Folkehelseinstituttet. (2021, 14. oktober). Skader og ulykker i Norge. https://www.fhi.no/nettpub/hin/skader/skader-og-ulykker-i-norge/
Relatert innhald
Når du står overfor ein person som treng førstehjelp, må du først finne ut kor alvorleg situasjonen er.
BLÅS er hugseregelen for å vurdere situasjonen og kva hjelp personen treng.