Hopp til innhald
Fagartikkel

Hjerneslag (apoplexia cerebri)

Kvart år blir omtrent 12 000 personar i Noreg ramma av hjerneslag. Dødelegheita ved hjerneslag har gått betydeleg ned dei siste åra, men det er framleis den tredje hyppigaste dødsårsaka og ei vanleg årsak til alvorleg funksjonsnedsetjing.

Hjerneslag kan ramme både unge og gamle menneske, men det er sjeldan at barn får hjerneslag. Symptoma og utfalla (skadane) etter eit hjerneslag kjem frå nervesystemet, og tilstanden blir derfor rekna som ein nevrologisk sjukdom sjølv om årsaka kjem frå sirkulasjonssystemet.

Årsaker til hjerneslag

Hjerneslag oppstår når blodforsyninga til eit område i hjernen sviktar, og det fører til at ein del hjernevevet i dette området døyr, på same måte som deler av hjartemuskulaturen døyr ved hjarteinfarkt.

Hjerneslag blir delte inn i hjerneinfarkt og hjernebløding.

  • Hjerneinfarkt utgjer omtrent 85 prosent av tilfella, og det kjem av at blodtilførselen til delar av hjernen blir forhindra av trombar (blodproppar) eller emboliar (blodproppar som kjem med blodstraumen). Det skjer ofte samtidig med at blodårene allereie er trongare på grunn av aterosklerose (åreforkalking).

  • Hjerneblødingar står for om lag 15 prosent av slagtilfella og oppstår når ei blodåre i hjernen sprekk og gjer at blodforsyninga blir utilstrekkeleg. Hypertensjon (forhøgd blodtrykk) er ofte ei underliggande årsak til hjernebløding.

Symptom

Fire av fem personar som blir ramma av hjerneslag, har eitt eller fleire av symptoma som kan oppdagast ved å gjennomføre ei såkalla FAST-undersøking. Forkortinga FAST står for

F – fascialisparese (delvis lamming i ansiktet)

A – armparese (delvis lamming i ein arm)

S – språkvanskar (problem med å finne ord)

T – talevanskar (problem med uttale)

I tillegg får mange synsforstyrringar, koordinasjonsproblem og endra sensibilitet.

For å undersøke om ein person har eitt eller fleire FAST-symptom, kan du bruke denne hugseregelen:

  • PRATE: Be personen å om å seie ei enkel setning samanhengande.
  • SMILE: Be personen om å prøve å smile, le eller vise tennene.
  • LØFTE: Be personen om å prøve å løfte opp begge armane.

Viss personen har problem med å utføre ei eller fleire av desse oppgåvene, skal du ringe 113, for her tel kvart sekund.

Å stille diagnose

Den akutte diagnostikken handlar om å få avklart om det er eit pågåande hjerneslag eller ikkje. Ved mistanke om hjerneslag blir det alltid teken CT for å avdekke om det dreier seg om hjernebløding eller hjerneinfarkt. Sjukehistorie blir kartlagd og klinisk undersøking, EKG og ei rekke blodprøver blir tekne for å avdekke risikofaktorar for komplikasjonar som kan oppstå som følge av hjerneslaget.

Utfalla etter eit hjerneslag avheng av kvar i hjernen skaden er lokalisert, og kor stort område som er skadd. Blodpropp eller bløding i venstre hjernehalvdel gir lammingar i høgre del av kroppen og omvendt fordi hjernenervane kryssar kvarandre rett under hjernen. Grad av nevrologiske utfall og funksjonssvikt blir kartlagd ved hjelp av eigne skjema.

Førebygging av hjerneslag

Talet på eldre aukar i befolkninga, og det er derfor forventa ein auke av talet på hjerneslag i åra som kjem. Førebygging av hjerneslag er derfor viktig for folkehelsa og handlar i vesentleg grad om det same som ved hjarte- og karsjukdommar. Dette inkluderer livsstilstiltak som røykeslutt, blodtrykkskontroll, sunt kosthald, jamleg fysisk aktivitet og å vere måtehalden med alkohol. For personar med diabetes eller hjarteflimmer er det i tillegg viktig med god oppfølging av desse sjukdommane fordi dei medfører auka risiko for hjerneslag.

Behandling

Behandlinga ved hjerneslag handlar både om den akutte behandlinga og tiltak for å førebygge komplikasjonar.

Den akutte behandlinga handlar om å få i gang blodtilførselen til hjernen raskast mogleg og passe på at respirasjon, blodtrykk, puls og temperatur held seg innanfor dei ønskte verdiane. I tillegg blir intravenøs væsketilførsel gitt så framt pasienten ikkje har hjartesvikt. Ved hjerneinfarkt blir det gitt medikament for å løyse opp blodproppen (trombolysebehandling), men dette skal sjølvsagt ikkje bli gitt ved hjerneblødingar. I nokre tilfelle er det aktuelt med operasjon for å stanse blødingar, men for dei fleste hjerneblødingane er det ikkje aktuelt.

Tidleg mobilisering og tverrfagleg rehabilitering er viktig for å førebygge komplikasjonar og rette opp igjen funksjon etter eit hjerneslag. Dei fleste sjukehus har ei eiga slageining med høg kompetanse om kva som skal til for å kunne meistre eigen kvardag igjen, og etter sjukehusopphaldet er det mange som har godt utbytte av heimerehabilitering eller opphald på ei rehabiliteringsavdeling. For å sikre eit heilskapleg pasientforløp vart det i 2018 innførte pakkeforløp for hjerneslag, og frå 2019 omfattar pakkeforløpet både akutt behandling når hjerneslaget oppstår, og rehabiliteringsfasen etterpå.

Transitorisk iskemisk anfall (TIA)

Symptoma ved transitorisk iskemisk anfall er dei same som ved hjerneslag, men forskjellen er at symptoma forsvinn i løpet av 24 timar. TIA kjem av som oftast små blodproppar som løyser seg opp før det oppstår skadar i hjernen. Personar som har hatt eit TIA, har betydeleg auka risiko for hjerneinfarkt, men berre 15–20 prosent av dei som får hjerneinfarkt, har hatt TIA tidlegare.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er tid ein kritisk faktor i den akutte behandlinga av hjerneslag?

  2. Kva betyr tidleg mobilisering og tverrfagleg rehabilitering for kvardagsmeistring etter eit hjerneslag?

  3. Korleis kan livsstilsendringar førebygge hjerneslag?

Kjelder

Birkeland, K. I., Gullestad, L. & Aabakken, L. (Red.). (2017). Indremedisin II. Fagbokforlaget.

Helsedirektoratet. (2022, 17. februar). Hjerneslag. Pakkeforløp. https://www.helsedirektoratet.no/pakkeforlop/hjerneslag

Helsedirektoratet. (2020, 4. februar). Kva er hjerneslag? Helsenorge. https://www.helsenorge.no/sykdom/hjerneslag/hjerneslag-arsaker/

Relatert innhald

Fagstoff
Mistanke om hjerneslag

Hjerneslag oppstår når eit område i hjernen ikkje får tilført tilstrekkeleg oksygen.

Oppgåver og aktivitetar
Symptom på hjerneslag

Personar i alle aldrar kan bli ramma av hjerneslag, men dei fleste er eldre menneske. Rask behandling er ein avgjerande faktor ved hjerneslag.