Hopp til innhald

Fagstoff

Leie og mobilisering for pasientar med hjerneslag

Rett etter hjerneslaget vil den ramma sida av kroppen vere slapp. Seinare vil det utvikle seg spastisitet. Dersom kroppen venner seg til dei nye stillingane som lamminga medfører, og ledda stivnar, vil det oppstå kontrakturar.
Helsefagarbeidar hjelper mann i rullestol med flytting. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebygging av komplikasjonar ved immobilitet

Allereie i det akutte stadiet av hjerneslaget er det viktig å setje i gang tiltak for å førebygge kontrakturar. Det er utarbeidd retningslinjer for korleis ein hjerneslagpasient bør ligge i sideleie – lamma/sjuk side, sideleie – frisk side og ryggleie. Ein hjerneslagramma bør ligge på antidecubitusmadrass for å førebygge trykksår.

Sideleie – lamma eller sjuk side

Teikning som viser sideleie på sjuk side, med puter til støtte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sideleie – frisk side

Teikning som viser sideleie på frisk side, med puter til støtte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ryggleie

Teikning som viser ryggleige, med puter til støtte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Snuing av pasient

Enkelte hjerneslagpasientar treng hjelp til å snu seg i senga. Under snuing er det viktig å tenke på det naturlege rørslemønsteret og å skåne den armen som er lamma.

  • Om mogleg bør det vere to pleiarar til stades når ein pasient skal snuast.
  • Dersom det ikkje er to pleiarar, må sengegrinda på den sida pasienten skal snuast mot, alltid vere oppe.
  • Begge beina blir bøygde.
  • Pasienten bør folde hendene og halde dei rett opp.
  • Trekk aldri i sjuk arm.
  • Pasienten blir snudd ved å vende han bort.
  • Legg pasienten i leie slik det er skildra og illustrert over.

Det finst hjelpemiddel som gjer flytting enklare, til dømes silkelaken og skli-madrassar.

To helsefagarbeidarar står på kvar si side av ein sengeliggande pasient. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Flytting frå seng til stol

  • Tenk på det naturlege rørslemønsteret til kroppen.
  • Skån sjuk arm og skulder.
  • Pasienten blir lagd over på sjuk side med det sjuke beinet strokke og det friske beinet bøygd.
  • Hev hjartebrettet på senga.
  • Om ein er to pleiarar, konsentrerer éin pleiar seg om beina og éin pleiar seg om overkroppen.
  • Beina til pasienten blir hjelpte over sengekanten, og overkroppen blir retta opp ved å støtte under sjuk arm og den friske hoftekammen.
  • Pasienten blir godt støtta og hjelpt på med sko.
  • Stol eller rullestol blir sett godt inntil senga.
  • Pasienten lener seg framover og får beina godt i golvet.
  • Beina bør, om mogleg, blir plasserte litt innunder senga slik at det blir lettare å få pasienten opp i ståande stilling.
  • Pasienten plasserer armane sine rundt skuldrene til pleiaren. Pleiaren held rundt skulderblada til pasienten og klemmer knea sine rundt det sjuke kneet til pasienten.
  • Setet til pasienten blir løfta frå senga.
  • Dreiing til stol går føre seg med den sjuke sida som akse.
  • Sjå til at pasienten sit godt inne i stolen, og at sjuk arm kviler.

Personløftar kan nyttast ved flytting, men då vil ikkje prosessen i like stor grad bli ein treningssituasjon for pasienten.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det viktig at du som helsefagarbeidar veit korleis ein pasient med hjerneslag og halvsidig lamming (hemiplegi) skal ligge i senga?

  2. Forklar ein medelev kva som ligg i "det naturlege rørslemønsteret til kroppen".

  3. Kvifor er det viktig at flytting frå seng til stol blir brukt som ein treningssituasjon?

Relatert innhald

Å vere immobil vil seie at ein har avgrensa evne eller høve til aktivitet. Komplikasjonar ved immobilitet blir òg kalla komplikasjonar ved sengeleie.

Når vi sit eller ligg, blir kroppen trykt mot underlaget. Dersom trykket varer over tid, kan det oppstå skade på vevet.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten.
Sist fagleg oppdatert 19.12.2023

Læringsressursar

Sjukdom og skader i nervesystemet