Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kva er MS?

Multippel sklerose tyder "mange arr". Sjukdommen vart oppdaga på midten av 1800-talet av den franske legen Charcot som skildra endringane i hjernen som er typiske for sjukdommen. Det skulle likevel gå meir enn 100 år før den første medisinen som hadde effekt på sjukdomsgangen, vart utvikla.
Mann i rullestol på tur med familien og hund. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utfordringar til deg

  1. Forklar kort kva du veit om årsakene til MS.
  2. Kva er dei vanlegaste symptoma ved MS?
  3. Pasientar med MS er ofte utsette for urinretensjon. Kva for konsekvensar kan det få?
  4. MS-pasientar er utsette for å få noko som blir kalla fatigue.

    1. Kva er det?

    2. Finn ut om fatigue kan oppstå ved andre sjukdommar eller tilstandar enn ved MS.
  5. Forklar kva for problem ein MS-pasient kan få i samband med måltid.
  6. Menneske med MS er ofte utsette for å få obstipasjon. Forklar kvifor.
  7. Kva for kommunikasjonsproblem kan menneske med MS få?
  8. For å kunne stille ein sikker diagnose gjennomfører ein ofte ei undersøking av cerebrospinalvæska på pasientane. Kva er det, og korleis blir denne undersøkinga utført?
  9. Kva for behandlingstilbod kan vere aktuelle for pasientar med MS?

  10. Test deg sjølv i denne interaktive oppgåva:

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir.
Sist fagleg oppdatert 13.06.2022

Læringsressursar

Sjukdom og skader i nervesystemet