Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Tiltak ved Parkinsons sjukdom

Sjukepleia for ein pasient med Parkinsons sjukdom bør ha som mål at pasienten skal halde oppe funksjonsevna si og vere sjølvhjelpt lengst mogleg. Som helsefagarbeidar vil du møte pasientar med Parkinsons sjukdom både heime og på institusjon.
Helsefagarbeidar hjelper kvinneleg pasient med morgonstellet ved å gi ho ein ansiktskrem. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Individuelle oppgåver

  1. Beskriv korleis du vil planlegge morgonstellet for ein person med Parkinsons sjukdom. Grunngi forslaga.
  2. Menneske med Parkinsons sjukdom kan ha ein del problem i samband med ernæring og måltid. Foreslå tiltak og grunngi desse. Samanlikn og diskuter svaret med ein medelev.
  3. Kvifor er det ekstra viktig med god søvn og kvile for menneske med Parkinsons sjukdom?
  4. Ein del menneske med Parkinsons sjukdom kan ha problem med å komme i gang når dei skal bevege seg. Kva kan du som helsefagarbeidar gjere for å hjelpe pasienten i gang?
  5. Foreslå tiltak som kan gjere det lettare for ein pasient med Parkinsons sjukdom å snu seg i senga.
  6. Kva hudpleie vil du foreslå for ein pasient med Parkinsons sjukdom? Grunngi svaret.
  7. Kven kan vere aktuelle samarbeidspartnarar for å gi eit best mogleg tilbod til pasientar med Parkinsons sjukdom? Grunngi svaret.

  8. Mange pasientar med Parkinsons sjukdom kan vere immobile.

    1. Kva komplikasjonar kan desse pasientane vere spesielt utsette for? Grunngi svaret.

    2. Korleis vil du som helsefagarbeidar førebygge desse komplikasjonane? Grunngi svaret.

  9. Kva hjelpemiddel kan vere aktuelle for ein person med Parkinsons sjukdom når det gjeld
  • ernæring
  • personleg hygiene
  • aktivitet og mobilisering

Gruppeoppgåve

Parkinsons sjukdom oppstår når nerveceller i hjernen ikkje lagar nok dopamin. Dopamin er eit signalstoff (nevrotransmitter) nervecellene treng for å sende signal rundt i hjernen og ut i kroppen.

  1. Lag ei teikning med to identiske nerveceller og set inn stikkord over kva komponentar ei nervecelle består av.

  2. Bruk teikninga til å forklare for ein medelev korleis desse kommuniserer med kvarandre ved signalstoff (nevrotransmitterar), og kva som utløyser den kjemiske substansen som dopamin består av.

  3. Deretter bruker medeleven si eiga teikning til å forklare kva som skjer når signalstoffet manglar, som ved Parkinsons sjukdom.

Relatert innhald

Å vere immobil vil seie at ein har avgrensa evne eller høve til aktivitet. Komplikasjonar ved immobilitet blir òg kalla komplikasjonar ved sengeleie.

Alle som har ei eller anna form for nedsett funksjonsevne, anten medfødd eller på grunn av sjukdom eller skade, har krav på nødvendige hjelpemiddel.

CC BY-NC-SASkrive av Birgit Flaten, Wenche Heir og Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 16.04.2024

Læringsressursar

Sjukdom og skader i nervesystemet