Hopp til innhald
Fagartikkel

Multippel sklerose (MS)

Multippel sklerose (MS) er ein kronisk nevrologisk sjukdom som rammar sentralnervesystemet (hjerne og ryggmerg). Sjukdommen utviklar seg ulikt frå person til person, og alvorsgrada av symptoma varierer.

Nervetrådar frå nervecellene (nevrona) i sentralnervesystemet er omgitt av ei isolasjonskappe som består av eit stoff som heiter myelin. Myelinet gjer at signala blir leidde raskare frå eit nevron til det neste og mellom sentralnervesystemet og resten av kroppen.

MS er ein autoimmun sjukdom. Det betyr at kroppen sitt eige immunsystem går til angrep på sentralnervesystemet og påfører skade på både myelinskjeda og sjølve nervetrådane i hjernen og ryggmergen. Det oppstår då ein betennelse rundt nervetrådane i hjernen og ryggmergen som medfører at nervesignala blir forstyrra eller blokkerte. Dermed blir det svikt i kommunikasjonen mellom sentralnervesystemet og resten av kroppen. Dette kan føre til at signal frå hjernen til muskulatur i ulike delar av kroppen ikkje kjem fram, og dermed blir funksjonen nedsett i til dømes auge, armar, bein eller urinblæra.

Ukjend årsak

Det er inga kjend årsak til MS, men forsking tyder på at det er ein kombinasjon av arv og påverknad av ytre faktorar. Omtrent 15 prosent av dei som blir ramma av MS, har ein slektning med sjukdommen, og risikoen er litt høgare for personar der ein av foreldra eller søsken er ramma. Ingen enkelt ytre faktor har vorte påviste som årsak til MS, men det blir mistenkt at for lågt nivå av vitamin D, virusinfeksjon (spesielt kyssesjukeviruset) og sigarettrøyking kan spele inn.

Meir enn 12 000 personar i Noreg har MS, og av dei som blir ramma, er over dobbelt så mange kvinner som menn. Dei fleste som blir ramma av MS er unge menneske mellom 25 og 45 år.

Ulike former for MS

Multippel sklerose betyr "mange arr" og kjem av at det øydelagde myelinet ofte blir erstatta av arrvev. Sjukdomsforløpet kan variere mykje mellom ulike personar både når det gjeld utvikling over tid og i kor stor grad symptoma medfører funksjonsnedsetjing.

Attakkvis MS

For 80–90 prosent startar sjukdommen med såkalla attakk, det vil seie anfall der symptoma blir forverra for deretter å gradvis reduserast eller forsvinne i løpet av veker eller månader. Nokon opplever berre eitt attakk med symptom som forsvinn i løpet av kort tid, og lever i mange år utan nye symptom på sjukdommen. I gjennomsnitt har MS-pasientar mindre enn eitt attakk i året, men for mange fører kvart attakk til forverring av tilstanden, noko som betyr at funksjonsnivået går ned over tid.

Sekundær progressiv MS

Etter fleire år med attakkvis MS utviklar enkelte personar sekundær progressiv MS. Det medfører gradvis forverring av sjukdommen og reduksjon av funksjonsnivå utan attakk.

Primær progressiv MS

Mellom 10 og 20 prosent av dei som får MS, får eit sjukdomsforløp der symptoma oppstår gradvis utan attakk. Undervegs blir funksjonsnivået redusert gradvis, men utviklinga av sjukdommen kan flate ut etter ei tid.

Symptom

Symptoma varierer avhengig av kva del av sentralnervesystemet som blir ramma. Nokon opplever som nemnt eitt MS-attakk og lever deretter utan symptom i mange år, mens andre blir ramma av gjentekne attakk som medfører betydeleg funksjonsnedsetjing og hjelpebehov.

Vanlege symptom på MS er synsforstyrringar, trøyttleik (fatigue), nomenheit, nedsett muskelkraft, muskelspasmar, balanseproblem og problem med vasslatinga. Smerter som kjem av feilbelastningar og muskelspasmar, er eit problem for enkelte personar med MS, og nokon kan oppleve nervesmerter. MS kan òg påverke kognitive funksjonar som minne, konsentrasjon, evne til innlæring og problemløysing. I tillegg opplever omtrent halvparten av dei som blir ramma av MS, depresjonar av ulik alvorsgrad.

Diagnose

For å stille diagnosen MS blir det gjord ei nevrologisk undersøking, MR-skanning, spinalpunksjon (ryggmergsvæskeprøve) og ein synsstimuleringstest. Hos over 95 prosent av pasientane med diagnosen MS vil bileta frå MR-undersøkinga vise kvite område med arrdanningar i sentralnervesystemet.

Behandling

Den medisinske behandlinga av MS handlar om å bremse utviklinga av sjukdommen ved bruk av betennelsesdempande legemiddel som dempar angrepet frå immunforsvaret på nervesystemet. I tillegg blir det brukt behandling med store dosar steroid, vanlegvis intravenøst, for å forkorte varigheita av attakk.

Det skjer mykje forsking innan behandling av MS, og stamcelletransplantasjon for utvalde pasientar er under utprøving. Denne behandlinga går ut på at ein først tvingar stamceller frå beinmergen ut i blodbanen der dei "blir hausta". Cellene blir frosne ned og overførte tilbake til pasienten etter ei kraftig immundempande behandling med ulike former for cellegift som slår ut det eksisterande immunsystemet. Forhåpentleg dannar stamcellene etter transplantasjonen eit nytt immunsystem som ikkje går til angrep på eige vev.

I tillegg til den medikamentelle behandlinga er fysisk aktivitet, tilstrekkelege inntak av vitamin D og å unngå røyking viktige element for å førebygge forverring av sjukdommen.

Sjukepleietiltak

Sjukepleia til brukarar med MS vil variere avhengig av kor langt i sjukdomsforløpet personen er. Det er naturlege at den som har fått ein alvorleg kronisk sjukdom i ung alder, reagerer kjenslemessig med både sinne og fortviling, og etter kvart kan kjenslemessige reaksjonar òg vere ein del av sjølve sjukdomsforløpet. Det er derfor viktig at du som helsefagarbeidar oppmuntrar og legg til rette for sosiale aktivitetar som førebygger isolasjon.

Etter kvart som sjukdommen utviklar seg og funksjonsnivået blir redusert, er det viktig å førebygge både immobilitetskomplikasjonar og forverring av sjukdommen. Mange med MS vil etter kvart ha behov for både hjelp og hjelpemiddel for å vareta eigenomsorga med personleg hygiene, ernæring og eliminasjon. Det er viktig å motivere og legge til rette for at brukaren skal gjere mest mogleg sjølv så lenge som mogleg, både for å halde oppe funksjonsnivået i daglege aktivitetar og ikkje minst for å vareta sjølvbilete, sjølvstende og opplevinga av meistring.

Utfordringar til deg

  1. Korleis vil du sikre at ein brukar med MS får tilstrekkeleg tilførsel av vitamin D?

  2. Korleis kan du legge til rette for at ein brukar med MS kan halde oppe funksjonsnivået lengst mogleg?

  3. Kva for nokre andre autoimmune sjukdommar kjenner du til?

Kjelder

MS-forbundet. Fakta om MS. https://www.ms.no/fakta-om-ms

Helsenorge. (2020, 11. september). Multippel sklerose (MS). https://www.helsenorge.no/sykdom/hjerne-og-nerver/multippel-sklerose-ms/

Relatert innhald

Fagstoff
Universell utforming

Vetle på 16 år og fagpersonar frå skulen og helsetenesta fortel i denne filmen om kva universell utforming har å seie for integrering og deltaking.

Fagstoff
Hjelpemiddel til mat og måltid

For at brukaren skal meistre mest mogleg sjølv og delta i aktivitet knytte til mat og måltid, må helsefagarbeidaren og brukaren saman vurdere hjelpemiddel.