Kva er hjerneslag?
Kva er hjerneslag?
Kva er årsaka til hjerneslag?
Kva er symptom på hjerneslag?
Viss du mistenker hjerneslag, kva hugseregel skal du bruke for å sjekke?
Kva er dei vanlegaste fysiske, psykiske og psykososiale konsekvensane etter hjerneslag?
Kva kan den enkelte gjere for å redusere risikoen og førebygge hjerneslag?
Forklar forskjellen på "drypp" (TIA), hjerneinfarkt og hjernebløding.
Kven blir ramma av hjerneslag?
Kva komplikasjon kan pasienten få etter eit hjerneslag?
Kva aktivitetar vil du foreslå for ein person som har hatt hjerneslag, og som treng å trene opp finmotorikken?
Lag eit notat med oversikt over observasjonar, behandling og sjukepleietiltak ved hjerneslag i akuttfasen og etter akuttfasen.
Rehabilitering etter hjerneslag.
Karina,73 år, har hatt hjerneslag. Du skal hjelpe ho med eigentrening etter hjerneslaget. Gå inn på Landsforeningen for hjerte- og lungesyke si nettside om eigentrening. Bruk denne nettsida og lag eit notat som du kan bruke når du rettleier Karina i eigentrening i daglege aktivitetar.Finn ut kva rehabiliteringstilbod det finst for personar som har hatt hjerneslag, i nærområdet ditt. Beskriv kva tilbod tenestestaden tilbyr, søknadsprosessen og kva yrkesgrupper som jobbar der.
Jobb saman i ei gruppe, og lag ein podkast, film, PowerPoint, digital forteljing eller liknande om hjerneslag. Vis produktet for resten av klassen.
Presentasjonen bør innehalde informasjon om
symptom på hjerneslag
førstehjelp ved hjerneslag
førebygging av hjerneslag
konsekvensar og utfordringar etter hjerneslag
rehabilitering etter hjerneslag