Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk astma

Astma er ein kronisk sjukdom i luftvegane. Her finn du spørsmål om astma, og du får moglegheit til lage eit undervisningsopplegg om astma. I tillegg får du øve deg på å lage avspenningsøvingar.
Tre personar i treningsutstyr og stavar går ned ein bratt grusveg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Astma

  1. Kva er astma?

  2. Kva kan framkalle astma?

  3. Kva er symptom på astma?

  4. Korleis kan astma behandlast?

  5. Kva vil det seie at ein er fødd med ein disposisjon for astma?

  6. Korleis kan ein leve best mogleg med astma?

    • Kva er god astmakontroll?

    • Kva bør ein person med astma gjere for å ha god astmakontroll?

  7. Kva er spirometri?

  8. Kva er eit PEF-apparat? Kva kan ein måle ved hjelp av eit slikt apparat?

  9. Korleis kan kulde påverke astma?

  10. Kva er ei Jonas-maske?

  11. Korleis vil du rettleie ein person med astma for å motivere til fysisk aktivitet?

  12. Kva er skilnaden på astma og kols?

Undervisningsopplegg

Lag eit undervisningsopplegg om astma for barn og foreldre og helsepersonell.

Vel sjølv korleis du vil presentere undervisningsopplegget ditt. Du kan til dømes lage ein film, PowerPoint, brosjyre eller formidle opplegget munnleg.

Avspenningsøving

Alle treng avspenning. Personar med astma og andre lungesjukdommar har lett for å stramme musklane når det er tungt å puste. Dette kan medføre smerter i musklane og hovudverk. Dei vil derfor ha godt av å bli medvitne på å slappe av.

Lag avspenningsøvingar. Bruk gjerne roleg musikk. Gjennomfør øvingane med dei andre i klassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 11.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i respirasjonssystemet