Hopp til innhald

Fagstoff

Sjukepleie ved astma

Astmaanfall kan førebyggast ved at ein unngår det som utløyser anfallet, og ved å bruke legemiddel som hemmar betennelsesreaksjonen i slimhinnene i bronkiane.
Mann bruker inhalator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førebygge astmaanfall

Det er viktig at pasienten unngår stoff som han eller ho reagerer på. Dersom astmaen kjem av sigarettrøyk, bør alle i husstanden vere røykfrie.

Ekstra reingjering i heimen er ofte nødvendig, og dersom allergien blir utløyst av spesielle matvarer, må ein unngå dei. For den som reagerer på kald luft, kan det vere nyttig å bruke spesielle ansiktsmasker. Det finst legemiddel som kan førebygge astmaanfall. Desse medikamenta hemmar betennelsesreaksjonen i slimhinnene i bronkiane.

Som helsefagarbeidar må du sørge for at pasienten ikkje blir utsett for stoff som han eller ho reagerer på. Du må ikkje bruke parfyme eller andre toalettartiklar og kosmetikk som inneheld parfyme. Somme pasientar reagerer òg på blomstrar.

Sjukepleie ved astmaanfall

Milde og moderate astmaanfall kan bli behandla med anfallsdempande medisin. Målet er å dempe symptoma og førebygge nye anfall.

Opptre roleg. Du skal roe personen med astmaanfall og kan hjelpe til med å plassere personen i ein behageleg posisjon. Oppmuntre personen til å puste langsamt og djupt.

Gå aldri frå ein pasient som har eit astmaanfall. Det kan vere skremmande å oppleve at du ikkje greier å puste. Pasienten har ofte nok med å prøve å puste, så du må vere roleg.

Du kan spørje om du kan gjere noko for å lette pusten til pasienten. Pasienten kan ha god hjelp av at du ber han eller ho om å puste djupt og roleg, og de kan gjerne gjere det saman.

Observasjonar under anfallet

  • Var det noko som utløyste anfallet? Eventuelt kva?
  • Kor lenge varte anfallet?
  • Korleis er respirasjonen?
  • Korleis er hudfargen?
  • Kva effekt har medisinane?

Astma og aktivitet

På grunn av pustevanskane (dyspné) har pasienten ofte avgrensa fysisk kapasitet. Pasienten skal vere i så mykje aktivitet som han eller ho klarer. Det betrar kondisjonen og gjer at det blir lettare å få opp slim frå lungene. Målet med astmabehandling er at pasienten ikkje skal bli avgrensa i dei daglege aktivitetane sine.

Astma og ernæring

Pasientar med matvareallergi må unngå mat som inneheld dei stoffa dei er allergiske mot.

Utfordringar til deg

  1. Kva kan utløyse astma?

  2. Kva kan du gjere for å førebygge astmaanfall hos ein pasient?

  3. Kva kan du gjere for å lette pusten til ein pasient som er tungpusta?

  4. Kva observasjonar må du gjere når ein pasient har astmaanfall?

Relatert innhald

Ein akutt skade eller sjukdom kan utløyse sterke emosjonelle reaksjonar av både psykisk og fysisk art for dei som er involverte.

CC BY-SASkrive av Marit Smith Sørhøy og Wenche Heir. Rettshavar: Norges Astma- og Allergiforbund
Sist fagleg oppdatert 10.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i respirasjonssystemet