Hopp til innhald
Fagartikkel

Sjukepleie ved kols

Kols er ein sjukdom som ikkje kan heilast. Derfor må sjukepleia vere retta mot å halde oppe eller betre funksjonsevna og dessutan bidra til best mogleg livskvalitet. Dette kan ein greie gjennom gode sjukepleietiltak, fysioterapi, ergoterapi, pusteøvingar og medisinsk behandling.

Personleg hygiene

Ein pasient med kols vil ofte ha dyspné, altså vere tungpusta, og pusteproblema blir forverra ved anstrengingar. Når personen skal stelle seg, er det derfor nødvendig å bruke god tid og sørgje for at alt pasienten treng, er tilrettelagd og innan rekkevidde. For å spare pusten og kreftene er det føremålstenleg med hjelpemiddel. Ein ergoterapeut kan hjelpe brukaren i val og tilpassing av hjelpemiddel.

Kols medfører auka infeksjonsfare, spesielt for luftvegsinfeksjonar. For å førebygge infeksjonar er det viktig at både pasienten og personalet følger retningslinjene for god hygiene. Pasientar med kols er ofte plaga av hoste og oppspytt. Dei bør oppmodast til å hoste i papirlommetørkle eller cellestoff og til å kaste dette i ein avfallspose etter bruk. Dette er meir hygienisk enn eit spyttkrus.

Aktivitet og kvile

Regelmessig fysisk aktivitet er viktig fordi det styrker musklane, betrar kondisjonen og gir auka livskvalitet og større fysisk kapasitet. Aktivitet bidreg òg til å opne luftvegane og drenere slim. Ein fysioterapeut kan lage eit treningsopplegg som er tilpassa kvar enkelt pasient.

Ved langtkommen kols er pasienten trøytt og orkar lite fordi det meste av energien blir brukt til å puste, og inntaket av oksygen er redusert. Det er derfor viktig å unngå stress, og at pasienten får god kvile og søvnkvalitet for å kunne samle krefter.

Pustevanskane blir forsterka viss pasienten ligg i flatt leie. Ei seng der ryggleiet kan justerast opp i ei stilling som pasienten synest er behageleg, bidreg til å lette pustevanskane. Thoraxleie eller høgt ryggleie kan gjere det lettare å puste.

Rommet der pasienten kviler og søv, bør vere godt lufta ut, og temperaturen bør ikkje vere for høg. Innestengd luft og høg temperatur i rommet forsterkar pusteproblema.

Ernæring

Pustevanskar kan føre til nedsett appetitt og vekttap. Pasienten bør derfor bli vegen med jamne mellomrom for å førebygge underernæring. For å betre matlysta er det viktig at pasienten får ønskekost, og at maten ser freistande ut. Maten bør vere lett å fordøye.

Kald mat er mindre slimproduserande enn varm mat. Tørr mat, som tørt brød og kjeks, kan føre til at smular set seg fast i luftvegane, og pasienten kan få hosteanfall.

Næringstett kost blir tilrådd for å styrke immunforsvaret og på den måten førebygge infeksjonar. Kosten bør i tillegg vere rik på vitamin og mineral. Rikeleg drikke vil gjere slimet mindre seigt, og det blir lettare å hoste opp. Mjølk og mjølkeprodukt gjer slimet seigare og bør unngåast.

Respirasjonsvanskar

Ved anfall med alvorlege pustevanskar kan det lette vanskane om pasienten sit på sengekanten og lener seg mot nattbordet. Vindauget bør opnast for å få inn frisk luft, og klede som strammar, må løysast. I slike akutte situasjonar må helsefagarbeidaren formidle ro og roe pasienten. Det kan hjelpe å puste i takt med pasienten.

Dei fleste pasientar har medisinar dei kan ta under akutte pustevanskar, og dei kan trenge hjelp til å ta medisinen.

Behandling

Pasientar med alvorleg kols får ikkje nok oksygen inn i blodet når dei pustar. Behandling med oksygen kan hjelpe brukaren til å gjennomføre aktivitetar utan å bli svært tungpusta og å sove betre og dermed bli meir vaken og opplagd om dagen. Oksygentilførsel er med på å verne hjartet og andre viktige organ, og det fører til at pasienten lever betre og lenger. Pasienten pustar inn oksygen gjennom eit nasekateter eller ei maske.

Faren ved oksygenbehandling er brann- og eksplosjonsfaren. Det er derfor viktig å informere pasienten om at vedkommande eller pårørande ikkje må røyke under oksygenbehandling.

Røykeslutt

Kolspasientar blir sterkt tilrådde å kutte røyken fordi røyking reduserer oksygentilførselen og aukar belastninga på hjartet. Du bør rettleie om helsegevinstar ved røykeslutt og tilrå ulike tiltak for å klare å slutte å røyke. Det finst både reseptfrie og reseptpliktige medisinar, røykeslutt-kurs, røyketelefon og mykje informasjonsmateriell.

Eliminasjon

På grunn av dei symptoma sjukdommen medfører, kan pasienten bli immobil og dermed utsett for immobilitetskomplikasjonar som urinvegsinfeksjon og obstipasjon. Desse komplikasjonane bør førebyggast gjennom gode sjukepleietiltak.

Hud

Nedsett oksygentilførsel til hud, vekttap og immobilitet kan gi pasienten større risiko for å utvikle trykksår. Tiltak for førebygging av trykksår bør derfor setjast i verk.

Psykiske behov

Kols er ein sjukdom som gir pasienten store svingingar i dagsform og funksjonsnivå, og dette kan gjere det vanskeleg å planlegge aktivitetar og sosialt samvær. Når pasienten bruker nesten all energien sin på å puste, blir det lite krefter igjen til å vareta psykiske og sosiale behov.

Mange kolspasientar er redde for å få akutte pustevanskar om dei forlèt heimen sin, og dei kjenner seg tryggare i vante rammar. Det er viktig at du som helsefagarbeidar legg til rette og motiverer for aktivitetar og sosialt samvær med andre.

Utfordringar til deg

  1. Kva er målet med sjukepleia vi gir til ein pasient med kols?

  2. Kva må du som helsefagarbeidarar observere hos ein pasient med kols?

  3. Kvifor er det viktig å bruke god tid når vi hjelper ein pasient med kols i stell?

Relatert innhald

Fagstoff
Ernæringstrappa

Ernæringstrappa er ein modell for individretta tiltak for førebygging og behandling av underernæring.