Hopp til innhald

Fagstoff

Lungebetennelse (pneumoni)

Lungebetennelse kjem ofte brått og uventa. Høg feber og kraftig hoste er normalt, og tilstanden kan bli alvorleg. Sjukdommen kjem vanlegvis av infeksjon med bakteriar eller virus.
Sjuk ung kvinne ligg i senga og har halstablettar, smertestillande medikament, solhattablettar og vassglas på nattbordet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lungebetennelse (pneumoni) er ein betennelse i lungevevet, det vil seie i lungeblærene (alveolane). Det er her gassutvekslinga skjer: oksygen blir transportert frå lungene over til blodet, mens karbondioksid diffunderer motsett veg.

Ved lungebetennelse blir lungeblærene fylte med puss og anna væske som hindrar oksygen frå å nå blodet. Redusert oksygenmetting i blodet hindrar cellene i kroppen i å utføre oppgåvene sine.

Fleire årsaker

Lungebetennelse blir kategorisert enten som primær eller sekundær. Ved primær lungebetennelse oppstår han som følge av dropesmitte. Halvparten av lungebetennelsane kjem av bakteriar, der den vanlegaste typen er pneumokokkar.

Sekundær lungebetennelse oppstår som følge av ein annan sjukdom — som til dømes kols eller influensa — på grunn av nedsett immunforsvar.

Ein kan òg få lungebetennelse ved å puste inn giftige gassar eller ved aspirasjon, til dømes ved inhalering av oppkast.

Symptom

Lungebetennelse kjem ofte i forlenginga av ei vanleg forkjøling eller ein influensaepisode, men sjukdommen kan òg starte brått med frysingar og feberstiging. Vanlege symptom er høg feber, hoste og tung pust. Andre symptom kan vere

  • nedsett allmenntilstand

  • redusert matlyst

  • forvirring hos eldre pasientar

  • ryggsmerter

Atypisk lungebetennelse, òg kalla "stille lungebetennelse" eller "lungebetennelse utan feber" gir ofte andre symptom og utviklar seg saktare. Denne typen lungebetennelse skuldast ofte bakteriane mycoplasma eller chlamydia.

Diagnostisering

Ved mistanke om lungebetennelse bør ein kontakte lege. Ved hjelp av stetoskop kan knatrelydar og endra pustelyd over det betente området i lunga bli oppdaga.

Blodprøver vil vanlegvis vise auke i CRP (C-reaktivt protein), òg tidleg i forløpet. Forhøgd CRP over 50 støttar diagnosen bakteriell lungebetennelse. Lungebetennelse forårsaka av virus vil ikkje gi same stiging i CRP.

Sikker diagnostisering av lungebetennelse skjer ved røntgen eller eventuelt spesiell ultralydundersøking av lungene.

Førebygging av lungebetennelse

Infeksjonar i dei nedre luftvegane blir ofte forårsaka av mikrobar som koloniserer dei øvre luftvegane. God munnhygiene og godt munnstell hindrar oppvekst av bakteriar i munnhòla.

Rikeleg med drikke er viktig både for å hindre dehydrering og for å halde oppspyttet mest mogleg tyntflytande. Vitamina A og C er med på å halde slimhinnene normale. Tilskot av desse vitamina kan vere aktuelt.

Opphoping av slim gir grobotn for infeksjonar. Slimmobilisering handlar om å hjelpe pasienten med rett hoste- og pusteteknikk for å bli kvitt mest mogleg slim. Å sjå til at pasienten er aktiv og bruker sine eigne ressursar ved forflytting og i dagleglivet generelt er òg viktig for respirasjon og mobilisering av slim.

Pneumokokkvaksinen inngår som ein del av barnevaksinasjonsprogrammet i Noreg. I tillegg blir vaksinen tilrådd hos eldre over 65 år og dessutan personar med sjukdom som gir immunsvikt eller som bruker medisinar som svekker immunforsvaret. Den same aldersgruppa blir òg rådd til å ta influensavaksine for å redusere faren for lungebetennelse.

Behandling

Dersom lungebetennelsen kjem av ein bakteriell infeksjon, blir han behandla med antibiotika. Det er viktig å følge instruksane til legen om varigheita av den medikamentelle behandlinga. Blir behandlinga avbroten for tidleg, kan lungebetennelsen komme tilbake og bli vanskelegare å bli kvitt.

Antibiotika har ikkje effekt viss lungebetennelsen kjem av virus. I enkelte tilfelle kan det likevel vere nødvendig med antibiotika grunna underliggande bakteriell infeksjon, altså dersom det er ein sekundær lungebetennelse.

Sjukepleie ved lungebetennelse

Kvile er viktig når ein har ein pågåande infeksjon. Under sjukdomsforløpet bør pasienten gå ut av senga og bevege seg, men utan å presse seg for hardt. Aktivitet hjelper pasienten med å hoste opp slim og førebygger ei rekke andre komplikasjonar.

Ved immobilitet og langvarig sengeleie blir respirasjonen påverka negativt i form av redusert gassutveksling og auka oppsamling av slim i lungene. Pasienten bør derfor vendast minst ein gong i timen ved vaken tilstand.

For at pasienten skal få opp slim frå lungene, instruer personen til å puste djupt fem til ti gonger, følgd av eit par kraftige host. Høgt ryggleie eller thoraxleie førebygger tap av lungevolum og sekretopphoping, og det reduserer dermed faren for ny lungebetennelse.

Det blir vanlegvis tilrådd å drikke rikeleg med væske så pasienten ikkje blir dehydrert. Røyking bør unngåast fordi det er skadeleg for lungene og aukar risikoen for ein ny lungebetennelse.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor kan det vere vanskeleg å skilje lungebetennelse frå andre infeksjonssjukdommar?

  2. Kvifor blir ikkje ein viral lungebetennelse behandla med antibiotika?

  3. Kva er samanhengen mellom influensavaksine og risiko for lungebetennelse?

Kjelder

Felleskatalogen. (2020, 16. juni). Mykoplasma-lungebetennelse. https://www.felleskatalogen.no/medisin/sykdom/mykoplasma-lungebetennelse

Helsebiblioteket. (2020, 9. september). Lungebetennelse (pneumoni). https://www.helsebiblioteket.no/pasientinformasjon/infeksjon/lungebetennelse

Helsedirektoratet. (2021, 16. november). Infeksjoner i nedre luftveier. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/antibiotika-i-primaerhelsetjenesten/infeksjoner-i-nedre-luftveier#pneumoni-praktisk

Norsk Helseinformatikk. (2014, 27. februar). Lungebetennelse – Animasjon. https://nhi.no/animasjoner/lunger-og-luftveier/lungebetennelse/

Skjønsberg, O. H. (2020, 25. oktober). Lungebetennelse. I Store medisinske leksikon. https://sml.snl.no/lungebetennelse

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Odd Ragnar Myhr og Vigdis Haugan.
Sist fagleg oppdatert 16.03.2022

Læringsressursar

Sjukdommar i respirasjonssystemet