Lungebetennelse, luftvegsinfeksjon og antibiotikum - Helsefremjande arbeid (HS-HEA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Lungebetennelse, luftvegsinfeksjon og antibiotikum

Lungebetennelse er ein infeksjon som skaper betennelse i lungene, og gjer det vanskeleg å puste. Lungebetennelse må takast alvorleg. Som helsefagarbeidar treng du kunnskap om årsaker, symptom og sjukepleietiltak ved lungebetennelse.

Primær og sekundær lungebetennelse

Lungebetennelse blir kategorisert anten som primær eller sekundær. Forklar skilnaden og gi samtidig minst tre mogleg årsaker til sekundær lungebetennelse.

Luftvegsinfeksjonar

Vi deler luftvegane opp i dei øvre og dei nedre luftvegane. Bruk eit A3-ark, og teikn inn ein torso/overkropp. Plasser dei følgande luftvegsinfeksjonane der dei høyrer heime, anten i dei øvre eller nedre luftvegane:

  • forkjøling

  • infeksjon i svelget (faryngitt)

  • infeksjon i mandlane (tonsillitt)

  • infeksjon i bronkiane (bronkitt)

  • infeksjon i strupehovudet (laryngitt)

  • infeksjon i luftrøyret (trakeitt)

  • lungebetennelse (pneumoni)

  • bihulebetennelse (sinusitt)

Årsaker, symptom, behandling og sjukepleietiltak ved lungebetennelse

Gå saman i par.

  1. Ein av dykk forklarer den andre om årsaker og symptom ved lungebetennelse.

  2. Den andre eleven skal stille minst tre oppfølgingsspørsmål, slik at det blir meir ein samtale enn eit foredrag/oppramsing.

  3. Byt deretter roller. No skal den andre eleven fortelje om behandling og sjukepleietiltak ved lungebetennelse, og makkeren stille minst tre oppfølgingsspørsmål.

  4. Viss de ikkje klarer å svare på oppfølgingsspørsmål, skal de begge bruke relevante kjelder for å finne svar.

Antibiotikum

Bakteriar som er resistente mot antibiotikum, er eit alvorleg og aukande problem i verda. I 2021 kom det nye retningslinjer for bruk av antibiotikum, både i primær- og spesialisthelsetenesta i Noreg.

  1. Kva betyr antibiotikaresistens?

  2. Bakteriar er enten naturleg eller erverva resistente mot antibiotikum. Forklar skilnaden.

  3. Når bakteriepopulasjonar blir utsette for antibiotikum, vil resistente bakteriar auke gjennom såkalla seleksjon. Kva blir meint med det?

  4. Kva kan vi gjere for å motverke utviklinga med at bakteriar blir resistente mot antibiotikum?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Antibiotikaresistens

Antibiotikaresistens vil seie at bakteriar blir motstandsdyktige mot antibiotika. Dette er ei av dei største utfordringane innan moderne medisin.

Skrive av Odd Ragnar Myhr.
Sist fagleg oppdatert 04.03.2022